Mykje kvalitetsrikt fjellbeite paa Vestlandet
BEITING: Ifølgje ein fersk rapport, er mykje av utmarksbeita i midtre og indre strok på Vestlandet kvalitetsrikt fjellbeite. 
Nytt

Mykje kvalitetsrikt fjellbeite på Vestlandet

Ifølgje ein fersk rapport, er mykje av utmarksbeita i midtre og indre strok på Vestlandet kvalitetsrikt fjellbeite.

27.07.2020
NPK: Det kjem fram i ein artikkel skriven for Forskning.no og Nationen.
Rapporten syner at den gode kvaliteten i indre og mindtre strok står i kontrast til utmarksbeita i ytre strok, som ofte har vekslande kvalitet:
– Dårleg beitekvalitet gir mange stadar låg tilvekst på lam. I tillegg er flogemakk, flått og alveld utfordringar knytt til bruk av låglandsbeite. Derfor nyttar mange bønder ved kysten seg av beita lenger inn i landet, seier beitekartleggjar Yngve Rekdal i NIBIO i artikkelen.

God ressursutnytting

Rekdal peikar på at beiteområda i fjella på Vestlandet er døme på at ressursutnytting og landskapsskjøtsel går hand i hand.
– I mange av dei viktigaste reiselivsmåla som Lofoten og fjordane på Vestlandet, er landskapet i endring på grunn av lågt haustingstrykk.
- Skal landskapet haldast i hevd, krev det god kultivering av utmarka, høgt dyretal og lang beitesesong, seier han.
Skal landskapet haldast i hevd, krev det god kultivering av utmarka

Publisert: 27.07.2020 11:38

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:00