Maa bli billegare aa lage rein hydrogen
LA FRAM HYDROGENSTRATEGI: Olje- og energiminister Tina Bru (H) saman med klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V).
Nytt

Må bli billegare å lage «rein» hydrogen

Det trengs meir teknologiutvikling for å lage hydrogen frå fornybare energikjelder som vasskraft, påpeiker regjeringa i sin nye hydrogenstrategi.

03.06.2020
(NPK-NTB-NETT.NO): Onsdag la olje- og energiminister Tina Bru (H) og klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V) fram ein eigen hydrogenstrategi for Noreg. I ei i samband med framlegginga, påpeiker regjeringa at det er viktig med meir utvikling av teknologien.
Hydrogen skal bidra til å få ned klimautsleppa i maritim sektor, tungtransport og industri. Strategien, som er den første i sitt slag, vart lagt fram i forkant av Hydrogenkonferansen i Oslo.
– Dette er ein merkedag, sa styreleiar Steffen Møller-Holst i Norsk Hydrogen.
For at hydrogen skal vere ein låg- eller utsleppsfri energibærar, må det lagast ved ingen eller svært låge utslepp – til dømes ved elektrolyse og vasskraft, eller naturgass med CO2-handtering.
I strategien peiker regjeringa på store moglegheiter, men at det framleis trengst meir teknologiutvikling for å realisere hydrogen i større skala på norske vegar eller skip.

Flakk Gruppen, Havila og Havyard med prosjekt

I strategien omtalar regjeringa satsing på pilotprosjekt og demonstrasjonsprosjekt for å bidra til å skalere opp hydrogenproduksjonen.
Flakk Gruppen i Ålesund leier det eine av to Pilot E-prosjekt som har fått støtte. Dei jobbar med å lage ein komplett leveransekjede for utsleppsfri hydrogen med utgangspunkt i Hellesylt.
Det blir også peika på fleire hurtigbåtprosjekt og Havila Kystruten sitt samarbeid med Havyard Group som har ambisjonar om utsleppsfri drift i verdsarvfjordane og på delar av kystruta ved å kombinere batteri og hydrogen.

Ikkje realistisk med eksport i dag

Regjeringa meiner at eksport av hydrogen i stor skala frå Norge, ikkje er realistisk i dag. Dei vil jobbe for at naturgassreformering med CO2-fangst kan konkurrere på like vilkår med hydrogen frå vatnelektrolyse i den europeiske energimarknaden.
Eksport i mindre skala kan vere eit alternativ, der flytande hydrogen blir frakta med spesialbygde skip.
Regjeringa meiner utbygging av offentleg infrastruktur i større skala for transport og bilistar, ikkje er fornuftig no. Dei vil heller bygge ut infrastrukturen i takt med utviklinga av køyretøy og etterspurnad.
(lenke til pdf-fil)

Publisert: 03.06.2020 09:29

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:58