Lonita Lillerovde Brit Ytrebo foto Marius
ÅLESUND: Lonita Lillerovde (t.v.) på scena saman med mannskapssjef Brit Ytrebø i Remøy Shipping under karrieredagen under Ålesund Sjømatfestival. Foto: Marius Rosbach
Nytt

– Må ikkje vere redde for å spørje

Lonita Lillerovde har fått verdifull erfaring under utdanninga. Hennar råd er å vere frampå.

Marius Rosbach
03.04.2025

Torsdag var det klart for karrieredag under den første utgåva av Ålesund Sjømatfestival. 

Kring 25 bedrifter og nær 300 studentar deltok på arrangementet som gjekk av stabelen ved Pir-bygget i sentrum. 

Dagleg leiar Lisa Mari Sæther i Ålesund sentrumsforening fortel at noko av motivet var å vise dei unge kva moglegheiter som finst for ei karriere i tilknyting til havet.

I lokalet presenterte bedriftene seg ved stands, samtidig som studentane kunne utfordre kvarandre i ulike konkurransar. 

Dere må ikkje vere redd for å spørje og vere litt framoverlente
Lonita Lillerovde

Har fått erfaring under studiane
Remøy Shipping var mellom bedriftene som presenterte seg frå scena. 

Lonita Lillerovde fortalde korleis ho har skaffa seg erfaring frå reiarlaget undervegs i studiane. 

Den unge Herøy-kvinna er først ferdig med studiar til sommaren, men har allereie skaffe seg verdifull kunnskap i eit internship. 

– Dere må ikkje vere redd for å spørje og vere litt framoverlente, sa Lillerovde. 

Ho påpeikar at mange traineestillingar ikkje blir lyst ut, og ho råda interesserte til eksempel om å sende ei ope søknad. 

– Då finn dei kanskje ut at dei treng nokon på nettopp det feltet, la ho til. 

Panelsamtale karrieredag pir foto marius
PANELSAMTALE: Ordstyrar Victoria Lund i panelsamtale med Ian Hildebrand frå Kongsberg Maritime, Lara Bromann som er doktorgradsstipendiat på NTNU og student Ask Moum. Foto: Marius Rosbach

– Fleire bedrifter enn mange tenker over
Remøy Shipping starta i fiskeri, og har utvikla seg til eit selskap som driftar 11 skip med tyngdepunkt i offshore. 

– Denne næringa har mykje å by på med alt frå fiskeri, offshore og alle leverandørane, og inneheld mange fleire bedrifter enn mange tenker over, sa Lillerovde. 

Havila Kystruten var eit anna Herøy-reiarlag som presenterte for studentane. 

Reiarlaget har fleire enn 500 sjøfolk og 160 lærlingar og traineear og nær 70 tilsette på land. 

Det gjer at dei heile tida har behov for å rekruttere folk til ein rekke fagområde, alt frå elektro og maskin, til kjøkken og serveringspersonale. Reiarlaget har også matroslærlingar og vurderer å etablere ei ordning for kadettar.

Mange har utfordingar med å danne nettverk
Under den avsluttande panelsamtalen blei det vist til at mange tilreisande studentar opplever at det er vanskeleg å orientere seg i næringslivet i regionen. 

Spesielt mellom studentar med internasjonal bakgrunn fortel mange at dei har problem med å skaffe seg eit nettverk i næringslivet. 

Bedriftene må difor vere der det skjer, og vise seg fram for studentane medan dei er under utdanning, var oppmodinga frå scena. 

Publisert: 03.04.2025 15:01

Sist oppdatert: 03.04.2025 15:01

Mer om