Maa utsette innflytting paa Sjoesida
MÅ UTBETRE: Ein setningskade i ein mur mot sjøen må utbetras før bebuarane får flytte inn i dei nye bustadene.
Nytt

Må utsette innflytting på Sjøsida

Nye sentrumsbustader i Ulsteinvik forseinka i innspurten. Må utbetre setningsskade før innflytting.  

Marius Rosbach
12.12.2019
Midt i Ulsteinvik sentrum er del to av Sjøsida-utbygginga snart klar for innflytting. Men bebuarane som har gleda seg til å flytte inn i starten av desember, må i staden smøre seg med tolmod til nyåret.
Sjølve bygget står på pålar på fast grunn, men NETT NO har fått stadfesta at muren har ein setningsskade som må utbetrast. Det skal gjerast ved å lage ei motfylling – ein jobb som har vist seg vanskeleg å få gjort før jul.
Jon Ove Ringstad i Ulstein Utvikling stadfestar opplysningane, men viser til entreprenørselskapet K. Nordang for ein kommentar.
– Vi synest det er veldig leit at kjøparane ikkje kan flytte inn som planlagt, fortel dagleg leiar Kjetil Nordang til NETT NO - men vil ikkje svare på spørsmål om saka no.

Les også:


21 leilegheiter

Selskapet Ulstein Utvikling, som mellom anna Borgstein står bak, har under bygging 21 leilegheiter i sjøkanten midt i sentrum. Rome as, Bakkely Invest as, John Kleven as og Hareid Elektriske, er også selskap som eig over 10 prosent i utbyggarselskapet.
Før oppstart var det utrekna at investeringa ville vere på kring 110 millionar.
Ringstad opplyser at dei framleis har fire leilegheiter for sal. Bustadene er på mellom 61 og 112 kvadratmeter, og koster frå 2,9 til 5,8 millionar, ifølgje ei annonse på Finn. Alle har terrasse og to til tre soverom.

Har fylt ut ny bydel

Første byggesteg av dei 5. etasjer høge bygga stod ferdig for kring fem år sidan. Det omfatta både næringsareal på grunnplanet og omsorgbustadar i deler av bygga - i tillegg til 42 husvere. Det var ei investering på 260 millionar.

Les meir:



Byggetrinn to er eit reint bustadkompleks. Det er også planlagd eit byggetrinn tre i prosjektet.
Bustadene kjem som siste tilskott i den nye bydelen som har kome på utfyllingar mot sjøkanten. Det siste bygget ligg i enden av bryggeområdet som no strekk seg inn til Quality-hotellet. I Sjøsida-utbygginga er det også kome til uteområde, leikeplass og parkering.
Slyngstad Aamlid arkitekter har teikna nærings- og bustadbygget som har fjernvarme og kjøling.

Les også:




Publisert: 12.12.2019 05:55

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:47