Nytt
Måløy24 blir abonnementsavis
Nettavisa Måløy24 tek steget frå gratisavis til abonnementsavis.
07.01.2021
29. januar har Stig Erik Eliott vore på nett i eitt år med lokalavisa si, Måløy24. Snart skal den kome ut med ei ny nettside. Då går Eliott også over frå gratisavis til å bli ei avis for abonnentar - i tillegg for å opne for å selje annonser.
Prisen er ikkje akkurat skremmande, ei krone dagen - tilsvarande 365 kroner for eit årsabonnent.
- Kjappe nyhendeoppdateringar og nyhendeovervaking på vegne av lesaren, seier Elliot om kva prinsipp han styrer etter i val av saker.
Ideen var å starte smått og teste ut om ideen kunne vere liv laga. Det er framleis filosofien når Måløy24 byrjar å ta betaling, men lukkast det ser Elliot det som mogleg av avisa kan tene nok til å løne ein person.
Måløy24 har mellom 1200 og 4000 unike brukarar dagleg, ifølgje Elliot.
Prisen er ikkje akkurat skremmande, ei krone dagen - tilsvarande 365 kroner for eit årsabonnent.
Starta smått
Den utflytta Måløyværingen Elliot bur i Bergen og er papirutgåvesjef for fire Schibsted-eigde lokalaviser rundt Bergen. Måløy24 lagar han på fritida, stort sett ei økt morgon og ettermiddag med nyhende frå gamle Vågsøy kommune og delvis frå Kinn, som tidlegare Vågsøy kommune er ein del av.- Kjappe nyhendeoppdateringar og nyhendeovervaking på vegne av lesaren, seier Elliot om kva prinsipp han styrer etter i val av saker.
Ideen var å starte smått og teste ut om ideen kunne vere liv laga. Det er framleis filosofien når Måløy24 byrjar å ta betaling, men lukkast det ser Elliot det som mogleg av avisa kan tene nok til å løne ein person.
Slutt på monopol
Før Måløy24 kom på bana hadde Fjordenes Tidende lokalt monopol på nyhende. Elliots vurdering er at Måløy24 har medverka til at nyhende i dag blir kjappare publisert fordi det lokale mediemonopolet er brote.Måløy24 har mellom 1200 og 4000 unike brukarar dagleg, ifølgje Elliot.
Publisert: 07.01.2021 11:00
Sist oppdatert: 26.03.2021 13:51