Maatte hive seg rundt og satse alternativt
HAREID: Sivert Hasund og Ole Christian Sivertstøl starta Kokk'n Roll på Hareid samstundes som koronaepidemien slo til. Men dei satsa alternativt, og lukkast.
Nytt

Måtte hive seg rundt og satse alternativt

Dei fekk koronakrisa midt i fleisen, men har snudd fortviling til optimisme.

09.04.2020
- For fjorten dagar sat vi her, reiv oss i håret og var ganske så fortvila. Vi miste alt av bestillingar til konfirmasjonar, bryllaup, fødelsdagar og andre arrangement.
- Men så bestemte vi oss for å tenke alternativt.
Det seier Sivert Hasund og Ole Christian Sivertstøl i Kokk’n Roll.
Dei har flytta og overtatt Fjord1 sine tidlegare lokale i Terminalbygget på Hareid.

Sa opp sikker jobb

Sivert Hasund sa samstundes opp jobben som assisterande kjøkensjef på hurtigruteskipet MS Trollfjord rett før Covid 19.
- Alt endra seg på få dagar. Eg gjekk frå ein sikker og god jobb til noko høgst usikkert, men vi var midt i ei satsing og det var 100 prosent fokus.
Kollega Sivertstøl vart kort tid etter permittert frå sin rolle som F&B Manager i Hurtigruten.
- Her var det berre å hive seg rundt og tenke ut korleis vi skulle klare å snu noko negativt til noko positivt. Vi har trass alt brukt overskot frå 2019 på å investere og byggje om lokala her på Hareid, og ville ikkje gi oss så lett.

Helgeposar med tapas

Her skulle ein satse på catering og arrangement, i tillegg til selskapslokale i dei vel 107 kvadratmeter store lokala ved hurtigbåtkaia på Hareid.
Men i staden vart det satsing på helgeposar, som kundane hentar sjølve.
- I stor grad dreier seg om tapas, men ein ulik meny kvar veke, seier Hasund. Han er dagleg leiar for satsinga, medan Siverstøl er styreleiar og gjer dugnad medan han sjølv er permittert for at selskapet skal overleve nyetableringa.
Dei seier at kvalitetsråvarer er viktig, det same med mest muleg lokale råvarer.
- Det vi leverer skal vere ei skikkeleg smaksoppleving og rettar av høg kvalitet.

God respons

Første helga satsa dei på 70 helgeposar.
- Vi trudde det var for mykje, men alt vart utselt.
- Neste helg satsa vi på 90, og det gjekk også unna.
- Til no fredag lagar vi 110, og reknar med at det også går bra.

Matkasser og potetball

I tillegg leverer dei matkasser.
- Her er det ulike rettar som er enkelt å lage heime. Vi står for hovedrettane, og gjerne også sausar, og så kan den enkelte sjølv velje anna tilbehør.
På torsdagar er det utlevering av potetball.
- Vi lagar alt ferdig, det er berre å leggje posane med ferdiglaga mat i ein kjele med varmt vatn, skru ned plata på 1 eller 2 slik at vatnet held ein temperatur på rundt 70 grader, vente ei stund og så har ein alt klart.
- Enklare kan det nesten ikkje bli, seier dei.

- Over all forventning

Planane er også kunne lage ferdigprodusert grillmat når grillsesongen startar, og før eller seinare håper ein også å kome i gang med leveransar til ulike arrangement, slik som Kokk`n Roll er kjend for tidlegare.
Sivertstøl seier at sjølv om det starta svært dårleg, har første vekene gått over all forventning.
- Om det held fram slik, skal vi ikkje klage.

Godt mottekne

Han bur sjølv i Ulsteinvik, medan Hasund bur på Dimna. Dei har vorte svært godt mottekne på Hareid.
- Ja, det er mange som kjem innom og ønsker oss lukke til.
- Vi satsar etter kvart også på produksjon av brød og bakverk, sidan det ikkje er bakeri på Hareid.
Helgeposekundane er i første omgang frå søre Sunnmøre, men dei ser etter kvart for seg også å kunne levere til Ålesund også.
- Med hurtigbåtkaia som næraste nabo, er vi i alle fall ideelt plassert.
Vi miste alt av bestillingar til konfirmasjonar, bryllaup, fødelsdagar og andre arrangement

Publisert: 09.04.2020 15:05

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:56