Margunn Minne konserndirektør Bedrift sparebanken vest foto Sparebanken vest 1
SER OPPTUR: Margun Minne er konserndirektør for bedriftsmarknaden i Sparebanken Vest. Både kundane og banken sitt konjunkturbarometer fortel om stigande forventningar. Foto: Sparebanken Vest.
Nytt

Møre og Romsdal heng etter

Optimismen stig, men ikkje så mykje som lenger sør på Vestlandet.

21.03.2024

Sparebanken Vest si kvartalsvise temperaturmåling av næringslivet frå og med Møre og Romsdal i nord til og med Rogaland i sør viser at Møre og Romsdal heng etter områda sør for Stad.

Både når det gjeld resultatutvikling og forventningar scorar Møre og Romsdal lågare enn bedriftene i Vestland og Rogaland fylke, viser Vestlandsindeksen per 1. kvartal 2024, som Sparebanken Vest offentleggjer i dag.

Vestlandsindeksen for første kvartal 2024 viser at det ser lysare ut for næringslivet på Vestlandet etter eit for mange vanskeleg år.

Den samla resultatindeksen stig til 57,7 og har med det hentet inn fallet frå i fjor. Forventningsindeksen gjør eit markant hopp, og etter tre kvartal med fall stig forventningsindeken frå 55 i fjerde kvartal 2023 til 61,2 i første kvartal 2024, skriv banken i ei pressemelding.

Meir optimisme enn på lang tid
– Vestlandsbedriftene svarer at dei er mer optimistiske til de kommande seks månedane enn de har vore på lang tid. Dette rimar med signala vi får frå kundene våre, seier Margunn Minne, konserndirektør for bedriftsmarknaden i Sparebanken Vest i ei pressemelding.

Resultatindeksen fortel kva bedriftene svarar om resultatutviklinga dei siste tre månadane, forventningsindeksen fortel korleis dei ventar det skal blir dei komande seks månadane.

Indeksen er satt saman av svar på spørsmål om etterspørsel, investeringar, sysselsetting og lønsemd. Samla sett peikar det opp på alt, men bedriftene i Møre og Romsdal skil seg ut ved at dei rapporterer om ei svekka resultat siste tre månandane samanlikna med de tre førre. Bedriftene i restene av Vestlandet fortel om betra lønsemd.

Forventningane er derimot stigande, også i Møre og Romsdal, men stig enda meir i Rogaland og Vestland enn i Møre og Romsdal.

Ringverknadar
I førre kvartal viste indeksen at det var dei typiske vestlandsnæringane, altså dei som er relatert til maritim, eksport eller energi som drog lasset. Indeksen for første kvartal 2024 viser at fleire næringar kjem etter.

– Det ser ut som disse typiske vestlandsnæringane har skapt ringverknadar og breidd seg ut til flere bransjar. Det er svært gledeleg at bedriftene forventer aktivitetsoppgang på tvers av næringar og fylker her vest, seier Minne i pressemeldinga.

Opp for bygg og anlegg
Resultatindeksen for bygg og anleggsbransjen har peika nedover sidan andre kvartal 2021, men peikar oppover igjen i første kvartal i år. Til og med der er det teikn til stemningsskifte.

"Resultatet stiger for de siste tre måneder og kan være et mulig signal om at bunnen for bransjen er passert. Det er enkeltindikatoren etterspørsel som drar resultatet mest opp. Det er verdt å merke seg at for første gang siden første kvartal 2021 så stiger alle enkeltindikatorene (etterspørsel, investeringer, sysselsetting og lønnsomhet) innen bygg og anleggsvirksomhet.". skriv Sparebanken Vest i Kvartalsindeksnrapporten for første kvartal 2024.

Publisert: 21.03.2024 05:00

Sist oppdatert: 20.03.2024 22:32

Mer om