Slaktar Norden rosar A Alesund
VEKST: Ålesund og Haram hadde 4,8 prosent vekst i bustadprisane i fjor. Foto: Kjetil Haanes
Nytt

Møre og Romsdal ligg etter Vestlandet

Tosifra bustadprisvekst i Rogaland i fjor, 2,9 prosent vekst i Møre og Romsdal.

15.01.2026

Den regionale bustadsprisstatistikken frå eigedomsmeklarane sin branseorganisasjon, Eiendom Norge, viser store skilnadar i prisutviklinga i ulike deler av landet.

I Rogaland steig prisane 13,7 prosent i 2025, i Vestland fylke 9,7 prosent og i Møre og Romsdal 2,9 prosent frå 2024 til 2025.

I Ålesund og Haram var prisveksten 4,8 prosent, i Molde 1,5 prosent og i Kristiansund 0,1 prosent. Utanom dei tre byane var prissauken 2,6 prosent i Møre og Romsdal.

I Bergen varierte prisauken frå 12,3 til 8,3 prosent mellom bydelane nord, sør, vest og sentrum. I Stavanger var bustadprisveksten mellom 16,1 og 12 prosent i dei fire bydelane nord, sør, vest og sentrum.

Fleire dagar
I Møre og Romsdal auka tida det i gjennosnitt tok å få seld ein bustad frå 60 dagar i 2024 til 67 dagar i 2025. 

I Rogaland gjekk tida ned frå 33 til 26 dagar, I Vestland gjekk den ned frå 41 til 30 dagar.

Publisert: 15.01.2026 12:45

Sist oppdatert: 15.01.2026 12:45

Mer om