Moere Trafo med ny rekordomsetning
AUTOMATISERING: Automatisering av produksjonen har vore viktig i arbeidet med å auke omsetninga i bedrifta som vert leia av Tor Rieve Kristiansen. På bilde er ein universalrobot utvikla av Robotek, som er eit av mange døme på utviklinga. Foto: Møre Trafo
Nytt

Møre Trafo med ny rekordomsetning

Satsing på automatisering og auka investeringar i ladestasjonar for elbilar og datasenter gjer at hjørnesteinsbedrifta i Sykkylven kan notere ny rekord.

Marius Rosbach
23.07.2019

Møre Trafo i Sykkylven sette ny rekord for omsetninga i fjor med 381 millionar. Det er ei auke på heile 50 millionar frå året før – og godt over den førre rekorden på 340 millionar i rekordåret 2016.

Resultatet før skatt på nær 25 millionar er også eitt av dei beste i selskapet si historie (sjå tabell til høgre – under om du les på mobil).

Hjørnesteinsbedrifta er Skandinavias største produsent av fordelingstransformatorer og ferdigmonterte nettstasjoner, men leverer også andre produkt til elektriske distribusjonsnett. Bedrifta er mellom dei aller største arbeidsgjevarane i Sykkylven med sine 134 tilsette.

Store investeringar i datasenter for serverar og nye ladestasjonar for elbilar er med på å dra opp inntektene til rekordnivået, ifølgje årsberetninga. Eksporten av transformatorar auka også, samstundes som selskapet er meir skjerma for konjunkturar enn dei fleste.

Investert i automatisering
Møre Trafo har investert betydeleg i automatisering og robotisering av produksjonen dei siste åra. Leiinga har tidlegare påpeika at det har vore viktig for veksten i selskapet.

Bedrifta kan sjå tilbake på svært solide økonomiske resultat dei siste åra, og leiinga ser lyst på framtida.

– Selskapet har ein sterk marknadsposisjon innan energiforsyning, og arbeider for å styrke den ytterlegare i 2019, heiter det i årsberetninga.

Leiinga seier seg også nøgd med ordreinngangen dei første månadene i 2019.

Les også: Solid posisjon for Møre Trafo

Sykkylven-bedrift slo alle rekordar

Full fart ved Møre Trafo i 2015

12 millionar i utbytte
Møre Trafo er eigd av Møre Electric Group, bak dette selskapet står familieselskapet Rieve Gruppen og det franske konsernet Schneider Electric. Eigarane kunne ta utbytte på 12 millionar frå fjoråret.

Møre Trafo har satsa systematisk på energieffektivisering og fekk i fjor ein pris etter å ha kutta energiforbruket. Bedrifta er også sertifisert som miljøfyrtårn.


Selskapet har ein sterk marknadsposisjon innan energiforsyning, og arbeider for å styrke den ytterlegare i 2019

Møre Trafo

Årsresultat (i mill kr)

2018

2017

Driftsinntekter

381

329

Driftsresultat

24,1

21,2

Res. før skatt

24,9

21,1


Publisert: 23.07.2019 13:25

Sist oppdatert: 13.07.2022 22:07

Mer om