Moere Trafo med storkontrakt
ELEKTRIFISERING: Ladestasjonar for bilar og bussar er mellom det som driv opp aktiviteten hos Møre Trafo i Sykkylven. 
Nytt

Møre Trafo med storkontrakt

Elektrifiseringa i Trøndelag gir ringverknader til hjørnesteinsbedrifta i Sykkylven. Ny kontrakt vil åleine gi inntekter på 50-60 millionar i åra framover.

Marius Rosbach
04.09.2019
Møre Trafo i Sykkylven har sikra seg storkontrakt med NTE Nett og Trønderenergi Nett.
Hjørnesteinsbedrifta skal levere nettstasjonar, transformatorar, brytaranlegg og lågspentstavlar til trønderselskapa, som no har slått saman nettverksemda i eit felles selskap.

Stor el-satsing

– Vi har inngått ein treårig kontrakt med moglegheiter for ytterlegare tre år. Vi reknar med at kontrakten årleg betyr ein stad mellom 50-60 millionar kroner for Møre Trafo. Trondheim elektrifiserer mykje om dagen, både bussar og ferjer skal gå på straum, så her er det behov for store investeringar i elektrisk infrastruktur, fortel salssjef Ivar Lifjeld i ei pressemelding onsdag.
Den samla verdien om kontrakten blir utvida til seks år er heile 300 millionar.

Ventar meir vekst etter rekordår

Møre Trafo er mellom dei aller største arbeidsgjevarane i Sykkylven med 135 tilsette, og er Skandinavias største produsent av fordelingstransformatorer og ferdigmonterte nettstasjonar.

I fjor sette selskapet , og eit resultat før skatt på nær 25 millionar.
Investeringar i datasenter for serverar og nye ladestasjonar for elbilar har vore drivarar for at inntektene til Møre Trafo har auka.
– Vi ventar framleis auka etterspurnad i marknaden og ser på moglegheitene til å auke vår kapasitet betydeleg, seier Lifjeld.

Vann framfor gigantar

Møre Trafo har i lengre tid hatt ei rammeavtale med NTE Nett og Trønderenergi Nett, og kapra kontrakten i konkurranse med store selskap som ABB og Siemens.
Målt etter talet på kundar blir det nye nettselskapet i Trøndelag det nest største i landet, med kring 250.000 kundar.

Les også:



Publisert: 04.09.2019 10:48

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:39