Moereforsking avviklar i Volda
AVVIKLAR: Møreforsking avviklar drifta i Volda. Tøffare rammevilkår og vanskar med å rekruttere medverka til avviklinga, seier administrerande direktør Elisabeth Maråk Støle.
Nytt

Møreforsking avviklar i Volda

Møreforsking avviklar drifta i Volda. Aukar i Ålesund og Molde.

04.04.2017
I Ålesund er Møreforsking i ferd med å tilsetje mellom fire og seks forskarar. I Molde blir det straks lyst ut fire nye forskarstillingar.

I Møreforsking Volda er det derimot slutt.
- Vi har avslutta aktiviteten i Volda, seier administrerande direktør Elisabeth Maråk Støle i Møreforsking.
Ho seier avviklinga skjer i forståing med høgskulen og at Møreforsking framleis vil samarbeid med forskingsmiljøet i Volda, men ikkje ved å ha ei eige datterselskap der.

Tøffare vilkår

Før avviklinga var det berre tre årsverk i datterselskapet i Volda. (I Ålesund er det 21, i Molde 19). Vanskar med å rekruttere til forskarstillingar i Volda ei ein av grunnane til avvikling, endra rammevilkår ein annan.
Større krav til forskingsaktivitet i eigen regi hos høgskular og universitet har gjort at fleire vel å drive meir forsking innanfor høgskulen/universitetet.
- For enkelte høgskular vert det meir krevjande å ha både eigen forsking og eige forskingsinstitutt, seier Maråk Støle.

Færre og større

Nye rammevilkår har alt slått ut i ein omdanning i retning av færre og større institutt, og det er ei utvikling som berre blir forsterka framover, meiner Maråk Støle.
Reknskapen for 2016 er ikkje klar enno, men Maråk Støle seier dotterselskapa i Volda og Molde gjekk i minus i 2016, medan verksemda i Ålesund gjekk i pluss. Konsernet sitt samla resultat har også negativet forteikn, noko som mellom skuldast auka pensjonskostnadar.

Satsar i Molde

Høgskulen i Molde har litt av dei same dilemma som Høgskulen i Volda når det gjeld forsking i eigen regi eller i eit instiutt som Møreforsking.
Men der er vurderinga at det er ein fordel å oppretthalde ei sterk satsing på Møreforsking, mellom anna fordi mykje av forskingsaktiviteten er knytt til oppdrag for næringslivet, der Møreforsking i større grad kan vere til stades i kvard agenenn om forskinga skjer i regi av høgskulen - der forskarane også har andre oppgåver.

Attraktivt

Maråk Støle seier Møreforsking i Ålesund fekk mange og godt kvalifiserte søkjarar til forskarstillingane selskapet no er i ferd med å bemanne, og ho ventar godt med søkjarar også til stillingane i Molde.
I Ålesund har samanslåinga med NTNU bidratt til å auke attraktiviteten. Ein sterkare fagleg posisjon er og med på å gjere Ålesund meir attraktivt.
Det spelar og inn av Møreforsking Ålesund og Møreforsking Molde har bygd opp sterke miljø som markerer seg nasjonalt, i følgje Maråk, marin forsking i Ålesund, logistikk og transportforsking i Molde,
Møreforsking er eigd av Stiftelsen Møreforsking, NTNU, Møre og Romsdal fylkeskommune, Høgskulen i Volda og Høgskolen i Molde.

Publisert: 04.04.2017 15:58

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:07