Nytt
Møreforsking blir tyngre på oppdrett
Fiskehelseselskapet Åkeblå blir eigar av 13,3 prosent av forskingsselskapet Møreforsking.
10.07.2020
Samstundes som Åkerblå kom inn på eigarsida, slo Møreforsking morselskapet og sine to datterselskap, Møreforsking Molde og Møreforsking Ålesund, saman til eitt selskap. Samanslåinga og at Åkerblå skulle inn på eigarsida vart varsla i vinter, men ikkje kor stor eigarandel Åkerblå skulle ha. Samanslåinga er gjennomført i år.
No har Møreforsking desse eigarane, med tidlegare eigarandel i parantes: Møre og Romsdal Fylkes 47,5 prosent (36), NTNU Ålesund 19,2 prosent (18), Høgskulen i Molde 17,6 prosent (18), Åkerblå 13,3 prosent (0), Høgskulen i Volda 1,5 prosent (18) og Forskingstiftinga Møreforsking 0,9 prosent (10).
Møreforsking hadde tidlegare eit datterselskap i Volda, men det blei lagt ned 2017.
Selskapet har fleire eigarar, med Ferd-konsernet som og medgrunnleggar Arild Kjerstad som dei største. Ferd er investeringsselskapet til Andresenfamilien, som tidlegare eigde Tiedemanns Tobakksfabrikk. Også investeringsselskapet Broadstock Capital, med base i Molde, er medeigar i Åkerblå.
Trude Steinbru Heggstad blir styremedlem i Møreforsking. Ho er leiar for innovasjon, forsking og utvikling i Åkerblå.
Konsernet hadde 57 tilsette ved utgangen av 2019. I tillegg tilsette i Ålesund og Molde har konsernet også tilsette i Kristiansund.
No har Møreforsking desse eigarane, med tidlegare eigarandel i parantes: Møre og Romsdal Fylkes 47,5 prosent (36), NTNU Ålesund 19,2 prosent (18), Høgskulen i Molde 17,6 prosent (18), Åkerblå 13,3 prosent (0), Høgskulen i Volda 1,5 prosent (18) og Forskingstiftinga Møreforsking 0,9 prosent (10).
Møreforsking hadde tidlegare eit datterselskap i Volda, men det blei lagt ned 2017.
Sterk vekst
Åkerblå har meir enn dobla driftsinntektene frå 2016 til 2019 og nådde i fjor 109 millionar kroner i driftsinntekter. Hovudkontoret ligg på Frøya, og selskapet har avdelingar mellom anna på Sjøholt (fem tilsette), i Volda (ein tillsett) og i Molde (fem tilsett) .Selskapet har fleire eigarar, med Ferd-konsernet som og medgrunnleggar Arild Kjerstad som dei største. Ferd er investeringsselskapet til Andresenfamilien, som tidlegare eigde Tiedemanns Tobakksfabrikk. Også investeringsselskapet Broadstock Capital, med base i Molde, er medeigar i Åkerblå.
Trude Steinbru Heggstad blir styremedlem i Møreforsking. Ho er leiar for innovasjon, forsking og utvikling i Åkerblå.
Minus i Molde
Møreforsking-konsernet gjekk med 3,9 millionar kroner i minus i fjor (sjå tabell, på mobil nederst på sida). Datterselskapet i Molde hadde 3,1 millionar kroner i underskot, Møreforsking Ålesund med 1,3 millionar kroner i pluss.Konsernet hadde 57 tilsette ved utgangen av 2019. I tillegg tilsette i Ålesund og Molde har konsernet også tilsette i Kristiansund.
Publisert: 10.07.2020 14:07
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:59