Mørenett
RETRETT: Mørenett innfører likevel ikkje ny nettleigemodell frå nyttår. Illustrasjonsfoto: Mørenett
Nytt

Fleire selskap gjer nettleigeretrett

Utset innføringa av omstridd nettleigemodell.

20.12.2021

Mørenett følgjer den politiske oppmodinga om å utsetje innføringa av ny nettleigemodell.

- Frå nyttår held vi fram med same nettleigemodellen som vi har i dag, stadfestar adm. direktør Rune Kiperberg, i ei pressemelding.

Fredag 17. desember vart regjeringa saman med SV samde om innhaldet i straumpakken med avbøtande tiltak mot dei høge straumprisane. Staten tek ein del av rekninga for høge straumprisar.

Fleire vil utsetje
Samstundes blir den nye nettleigemodellen utsett på ubestemt tid. Fleire politiske parti er kritiske til å innføre den nye nettleigemodellen no når straumprisen er så høg.

Måndag vil endå fleire selskap utsetje innføringa, melder Energi Norge – interesse- og arbeidsgivarorganisasjonen for energiselskap.

Tidspunktet for retrett og den politiske vinglinga er utfordrande for oss
Rune Kiperberg

- Betre for kundane
Mørenett viser til at den raske elektrifiseringa av samfunnet fører til auka belasting på kraftnettet, og at ny nettleigemodell skal motivere til å flate ut forbruket gjennom døgnet, slik at den ledige kapasiteten i kraftnettet blir betre utnytta.

- Vi er trygge på at modellen vi har utarbeida er både god og viktig. Ved å flytte effekt unngår vi å byggje meir nett enn naudsynt. Dette kjem kundane til gode ved å gi lågast mogleg nettleige på sikt, seier Rune Kiperberg.

- Utfordrande

Selskapet viser til at i sommar vedtok Stortinget rammeverket for ny nettleigemodell med oppstart 1. januar 2022. Mørenett opplyser at ein saman med bransjen har brukt hausten til å bu seg på å innføre ny modell frå nyttår.

No utset regjeringa gjennomføringa av forskriftslovendringa, og Mørenett legg ny nettleigemodell på vent.

- Tidspunktet for retrett og den politiske vinglinga er utfordrande for oss, men det handlar om å ta dei politiske signala på alvor, slår Rune Kiperberg fast.

Også Linja utset
Også nettselskapet Linja AS har valt å utsetje ordninga som følgje av myndigheitene sitt råd, vert det opplyst i ei pressemelding.

- Vi meiner det var ei god ordning der kundane kunne spare pengar på å fordele straumbruken sin utover døgnet, og samtidig frigjere kapasitet i nettet. Det var ei langsiktig god ordning som også ville unngå dyrare nettleige på sikt.

- Men vi agerer etter dei råda myndigheitene gir oss no, og utset ordninga, seier administrerande direktør i Linja Asgeir Aase.

Dermed vil dagens ordning for nettleige halde fram på ubestemt tid.

- Vi informerer no kundane våre på sms, e-post og brev om at vi utset ordninga, legg Aase til.

Publisert: 20.12.2021 11:53

Sist oppdatert: 20.12.2021 12:04

Mer om