Nytt
Mørenett med 40 mils netthandel
Etter overtakinga frå Statnett vil Mørenett dekke heile fylket, og opnar for at nye nettselskap kjem inn på eigarsida.
15.10.2019
Statnett SF og Mørenett AS har inngått intensjonsavtale om eigarmessig overdraging av 132 kV kraftnett i Møre og Romsdal, opplyser Mørenett i ei pressemelding tysdag.
Bakgrunnen er at Statnett har søkt myndigheitene å omklassifisere 132 kV sentralnett til regionalt distribusjonsnett på Nordvestlandet, mellom anna fordi nettet endrar funksjon etter at 420 kV-sambandet mellom Ørskog og Sogndal vart sett i drift.
Transaksjonen omfattar om lag 400 km 132 kV linjer og 10 transformatorstasjonar.
Mørenett opplyser at selskapet tek det som ei tillitserklæring at Statnett har valt Mørenett.
"Vi er eit selskap som er rigga for å bygge og drifte kraftnett, og er organisert i tråd med ønskjer og krav frå NVE og politiske myndigheiter som eit nøytralt, effektivt og kompetent nettselskap. Mørenett er ved fleire høve løfta fram someksempel på korleis nettselskap kan og bør organiserast", skriv selskapet i pressemeldinga.
Mørenett er i dag også einaste nettselskapet med døgnbemanna driftssentral, og ein har ambisjonar om å utvikle denne til ein ressurs for alle nettselskap i Møre og Romsdal.
"Vi er også kapitalmessig det einaste selskapet i Møre og Romsdal som har økonomisk løfteevne til å forvalte desse anlegga til det beste for kundane, skriv selskapet som opplyser at ein i perioden framover ta kontakt med alle aktuelle interessentar, og vil legge vekt på å ha ein god dialog om kva ny eigar vil bety.
"Vi er også opne for at andre nettselskap kan kome inn på eigarsida i Mørenett for å sikre ein god og framtidsretta struktur innan fylket".
Bakgrunnen er at Statnett har søkt myndigheitene å omklassifisere 132 kV sentralnett til regionalt distribusjonsnett på Nordvestlandet, mellom anna fordi nettet endrar funksjon etter at 420 kV-sambandet mellom Ørskog og Sogndal vart sett i drift.
400 km med 132 kV-linjer
Statnett ønsker å selje nettet som ikkje har ein sentralnettfunksjon og partane har difor signert intensjonsavtale for å førebu denne eigarmessige overdraginga av nettet i Møre og Romsdal.Transaksjonen omfattar om lag 400 km 132 kV linjer og 10 transformatorstasjonar.
Mørenett opplyser at selskapet tek det som ei tillitserklæring at Statnett har valt Mørenett.
"Vi er eit selskap som er rigga for å bygge og drifte kraftnett, og er organisert i tråd med ønskjer og krav frå NVE og politiske myndigheiter som eit nøytralt, effektivt og kompetent nettselskap. Mørenett er ved fleire høve løfta fram someksempel på korleis nettselskap kan og bør organiserast", skriv selskapet i pressemeldinga.
Selskap for heile fylket
Mørenett er i dag det største nettselskapet i Møre og Romsdal, og eig kraftnett i 20 kommunar. Etter kjøpet av nettanlegg frå Statnett vil selskapet eige nettanlegg gjennom heile fylket, noko som selskapet meiner vil bidra til å sikre ei heilheitleg forvaltning av den overordna straumforsyninga for regionen.Mørenett er i dag også einaste nettselskapet med døgnbemanna driftssentral, og ein har ambisjonar om å utvikle denne til ein ressurs for alle nettselskap i Møre og Romsdal.
"Vi er også kapitalmessig det einaste selskapet i Møre og Romsdal som har økonomisk løfteevne til å forvalte desse anlegga til det beste for kundane, skriv selskapet som opplyser at ein i perioden framover ta kontakt med alle aktuelle interessentar, og vil legge vekt på å ha ein god dialog om kva ny eigar vil bety.
"Vi er også opne for at andre nettselskap kan kome inn på eigarsida i Mørenett for å sikre ein god og framtidsretta struktur innan fylket".
Vi er også opne for at andre nettselskap kan kome inn på eigarsida
Publisert: 15.10.2019 15:21
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:41