Fusjon Linja og Mørenett 1
FELLES NETTSELSKAP: Johannes Rauboti (konsernsjef i SFE), Rune Kiperberg (administrerande direktør i Mørenett og toppsjef i det samanslegne selskapet), Erik Espeset (konsernsjef i Tafjord), Elling Dybdal (konsernjef i Tussa) og Atle Isaksen (administrerande direktør i Linja).
Nytt

Mørenett og Linja går saman

Tussa, Tafjord og Sogn og Fjordane Energi med felles nettselskap.

16.12.2022

Mørenett og Linja blir eitt selskap. Dei to nettselskapa er i dag eigd av høvesvis Tussa/Tafjord og Sogn og Fjordane Energi.

Saman har dei nærare 100 000 kundar i 18 av kommunane i regionen mellom Askvoll i sør til Ålesund i nord, og dei eig i tillegg nesten alt hovudnett frå indre Sogn til Trøndelag. Når dei no slår seg saman blir dei det fjerde største nettselskapet i Noreg målt etter nettkapital, og vil ha rundt 300 tilsette, skriv selskapa i ei felles pressemelding.

Samanslåinga skal gjelde frå 1. mars 2023. Det samanslåtte selskapet skal heite Linja.

Dei tre eigarselskapa vil ha tilnærma lik eigardel i det nye selskapet, med 33,8 prosent for Tafjord Kraft, 33,3 prosent for SFE og 32,9 prosent for Tussa Kraft.

Publisert: 16.12.2022 15:26

Sist oppdatert: 16.12.2022 16:23