Moerenoteigar byr paa Saferoad
NY EIGAR: Administrerande direktør Morten Holum i Saferoad er på veg til å få ein ny eigar inn i selskapet.
Nytt

Mørenoteigar byr på Saferoad

Investeringsfondet FSN Capital vil overta Saferoad. Byr 46 prosent over gårsdagens børskurs.

16.10.2018
Ved børsslutt tysdag var aksjane i Saferoad prisa til 20,50 på Oslo Børs. Onsdag kom det Oslobaserte investeringsfondet FSN Capital med eit bod på 30,10 kroner pr. aksje, som verdset selskapet til to milliardar kroner.

Saferoad lagar vegsikringsutstyr og fjellsikringsutstyr. Dotterselskapet Vik Ørsta, med anlegg i Ørsta og Vik i Sogn, er det viktigaste selskapet i konsernet.
Styret i Saferoad tilrår aksjonærane i selskapet å takke ja til bodet. Fond forvalta av DNB Asset Management melde i formiddag at dei sel sine aksjepostar på tilsaman 9,14 prosent i Saferoad.

Lågare pris

Eit selskap kontrollert av investeringsfondet Nordic Capital Fund VII har før bodet blei offentleggjort gått med på å selje sin aksjepost på 29,2 prosent til FSN Capital til 26 kroner pr. aksje.
Nordic Capital-fondet betalte i overkant av to milliardar kroner for Saferoad i 2008. I mai 2017 vart Saferoad børsnotert og Nordic Capital blei utvatna.
Vikåret for bodet er at eigarane av 90 prosent av aksjane vil selje.

Mørenot-eigar

FSN Capital-fond kjøpte tidlegare i år Mørenot for rundt 900 millionar kroner og varsla då at draumen var å doble driftsinntektene for Mørenot i løpet av fem år.

I børsmeldinga uttalar FSN Capital av Saferoad driv i ein attraktiv marknad, med stabil underliggande vekst og med moglegheiter til å utvide sin geografiske marknad.

Publisert: 16.10.2018 14:57

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:22