Moeretrygd med store vekstambisjonar
ÅLESUND: Møretrygd på plass under årets Båt- og caravanmesse i Ålesund: Frå venstre Fred Hansen, Bente Alstadsæter, Knut Helge Røsvik og Erling Køvning.
Nytt

Møretrygd med store vekstambisjonar

Satsar meir på privat- og bedriftsforsikring, og etablerer seg i Sogn og Fjordane.

11.03.2020
- Ja, vi har store ambisjonar om å vekse, også utanfor vårt tradisjonelle nærområde.
Det seier adm. dir. Bjarte Vindenes i forsikringsselskapet.

Ser nordover og sørover

Selskapet har hovudkontor i Ålesund, og regionkontor i Fosnavåg og Volda, men er no også på plass i Sogn og Fjordane.
- I første omgang er vi etablerte i Stryn, Nordfjordeid og Sogndal gjennom eigne agentar, seier Vindenes.
Han opplyser at det vert sett på andre vekstmoglegheiter.
- Vi tenker både nordover og sørover.

2018-tap

Møretrygd har lenge vore store på maritim forsikring, då spesielt til fiskeflåten, men har siste åra satsa offensivt på forsikringar på landsida, både til private og bedrifter.
- Sjøsida er framleis svært viktig for oss, men vi ser at potensialet for vekst er størst på landsida, seier Vindenes.
2018 var eit skademessig krevjande år for selskapet, med eit resultat før skatt på minus 16 millionar kroner.
- Dette skuldast store erstatningsutbetalingar på større enkeltskadar, seier Vindenes.

Størst på land

Han opplyser at 2019 vart eit godt år økonomisk, og at 2020 har starta bra.
- Vi veks, og er no større på forsikringar på land enn på den maritime delen.
- Vi tilbyr forsikringar til privatkundar og bedrifter på lik linje med andre forsikringsselskap, men så langt har vi ikkje marknadsført denne satsinga godt nok. Det skal vi no gjere noko med.

- Viktig med regional aktør

Vindenes seier at konkuransen om kundane er hard.
- Siste åra har det vore lave premienivå, men vi ser at trenden har snudd, slik at det er mogleg for dei ulike aktørane å ha akseptabel lønsemd.
Han meiner det er viktig med ein større regional aktør innanfor forsikringsbransjen.
- Vi meiner at det har ein stor verdi å ha kundebehandlarar som er tett på og som har god lokalkunnskap.
Møretrygd har i dag 24 tilsette.

2018-resultatet:


Vi veks, og er no større på forsikringar på land enn på den maritime delen

Publisert: 11.03.2020 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:54