Nytt
Møter bransje i oppsving
Alle møbelbedriftene statsminister Erna Solberg møter her har så langt eit betre år, enn på same tid i fjor, trass koronaepidemien.
03.11.2020
Statsminister Erna Solberg møtte tysdag ei rekke bedrifter på Sunnmøre. Tidleg på ettermiddagen stod møbelbransjen i Sykkylven for tur. Etter at koronapandemien ga bråstopp for mange i vår, har auka etterspurnad frå sommaren til no gjort at bransjen er i medvind.
Aller best ligg Brunstad-sjef Ronny Bjøringsøy an, med ein salsauke på 25-30 prosent samanlikna med same tidspunkit i 2019.
Allereie 10 veker før årsskiftet passerte Brunstad salet for heile 2019.
Fleire nye modeller er med på å forklare oppsvinget, meiner Bjøringsøy, i tillegg til det generelle oppsvinget som kom for møbelbransjen tidelg i sommar.
Frank Willy Utgård i Jarnes Møbler, Jens Peter Brunstad i L K Hjelle, Steinar Myrseth i Formfin og Bjørn Helge Vik i Slettvoll Møbler fortel om ein auke i driftsinntekten hittil i år på 12-15 prosent samanlikan med same tidspunkt som i fjor.
NETT NO har allereie skrive at Ekornes-konsernet tilset folk i ein takt som ikkje er gjort på fleire tiår.
Arbeidsløysa i Sykkylven er nede på 1,5 prosent og Sykkylven Næringsutvikling AS køyrer no ein felles annonsekampanje for alle bedriftene i Sykkylven. Det er snakk om at det trengst folk til opp mot 150 ledige stillingar, 50-60 av dei hos Ekornes.
Aller best ligg Brunstad-sjef Ronny Bjøringsøy an, med ein salsauke på 25-30 prosent samanlikna med same tidspunkit i 2019.
Allereie 10 veker før årsskiftet passerte Brunstad salet for heile 2019.
Fleire nye modeller er med på å forklare oppsvinget, meiner Bjøringsøy, i tillegg til det generelle oppsvinget som kom for møbelbransjen tidelg i sommar.
Alle er opp
Ved utløpet av tredje kvartal hadde Ekornes-konsernet ein auke på fire prosent i driftsinntektene.Frank Willy Utgård i Jarnes Møbler, Jens Peter Brunstad i L K Hjelle, Steinar Myrseth i Formfin og Bjørn Helge Vik i Slettvoll Møbler fortel om ein auke i driftsinntekten hittil i år på 12-15 prosent samanlikan med same tidspunkt som i fjor.
Treng 150 fleire folk
Etterspørselsoppsvinget betyr også fleire jobbar.NETT NO har allereie skrive at Ekornes-konsernet tilset folk i ein takt som ikkje er gjort på fleire tiår.
Arbeidsløysa i Sykkylven er nede på 1,5 prosent og Sykkylven Næringsutvikling AS køyrer no ein felles annonsekampanje for alle bedriftene i Sykkylven. Det er snakk om at det trengst folk til opp mot 150 ledige stillingar, 50-60 av dei hos Ekornes.
Les også:
Publisert: 03.11.2020 17:43
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:04