Årleg går omlag 50.000 fiskekasser i isopor ut av Noreg og in i EU. I heile EU er det snakk om eit forbruk på ein halv milliard slike kasser i året. No vurderer EU å innføre eit krav om at desse kassene skal gjenbrukast i staden for å resirkulerast.
Det seier Trond Davidsen, som er leiar for internasjonal avdeling i bransjeorganisasjonen Sjømat Norge, til Nett No.
No arbeider han og kollegaer i søsterorganisasjonar i andre europiske land for å unngå gjenbrukskravet, som både vil bli dyrt, forureinande og potensielt farleg, slik Davidsen ser det.
Kryss og tvers
Davidsen seier det er tre hovudargument mor gjenbruk.
Det viktigaste argumentet er at det ikke vil vere råd å vaske desse kassene reine nok til å hindre potensiell smitte frå tidlegare last. Og det er i dag ikkje kommersielle alternativ til slik kasser.
Det andre er at det vil kreve ein så omfattande returtransport at det ikkje er nok sjåførar og lastebilar til å gjennomføre det. I tillegg vil all transporten føre til auka CO2-utslepp frå lastebilane.
Det tredje argumentet er at isoporkasser er skjøre saker. Dei blir lett skadd under transport og er difor ikkje eigna til å brukast opp att gang på gang.
Resirkulering eller gjenbruk
Noreg har eit system for å samle saman, kverne, komprimere og smelte om isopor. Slik kan den brukast til ny emballasje eller isolasjonsmateriale.
Eit slikt system er også på plass i Polen, Tyskland og Danmark, seier Davidsen.
Han meiner årsaka til at EU vurderer gjenbrukskrav, er at det ikkje er eit like godt system for resirkulering lenger sør i Europa, men at gjenbruk uansett ikkje er vegen å gå.
Listhaug stiller spørsmål
Sylvi Listhaug, stortingsrepresentant og leiar for Frp, fekk presentert utfordringa med eit eventuelt gjenbrukskrav for fiskekasser då ho besøkte fiskekasseprodusenten Vartdal Plast torsdag denne veka.
Fiskekasser i isopor eir ein viktig del av inntektsgrunnlaget for Vartdal Plast. No er bedrifta bekymra både på eigne og sjømatbedriftene sine vegne.
Listhaug sende fredag eit skriftleg spørsmål til klima og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen om saka:
«Er klima- og miljøministeren orientert om de negative konsekvensene artikkel 29 i PPWR vil få for eksport av fersk, norsk sjømat, vår nest største eksportnæring og hvilke tiltak vil regjeringen iverksette for å forhindre de negative konsekvensene?»
PPWR er ei forkorting for Packaging and Packaging Waste Regulation, emballasje og emballasje-forordninga.
Meiner styresmaktene ikke har gjort jobben
I grunngjevinga for spørsmålet rettar Listhaug også kritikk mot miljøstyresmaktene, som er Bjelland Eriksen sitt ansvar.
«Næringslivet opplever likevel at miljømyndighetene til nå ikke har tatt på alvor hvor store konsekvenser forordningen kan få for norske sjømatprodusenter, eller gjort jobben som forventes. Forordningen skal inn i norsk lov og kan skape store utfordringer for sjømatnæringen.
Det er avgjørende at sjømatnæringen og kasseprodusentene blir hørt og blir en aktiv del av veien videre. Problemstillingen ligner den bryggerinæringen står i med krav om gjenbruk av flasker vi i dag panter. Regjeringen har sagt at den vil ivareta bryggerinæringens interesser. Hvorfor ikke gjøre det samme for sjømatnæringen, Norges nest største eksportnæring etter olje og gass», skriv Listhaug.
Publisert: 27.02.2026 15:22
Sist oppdatert: 27.02.2026 15:22






