Arkwiz Kine Norheim og Tore Holmem foto
FØRSTE KUNDE: Styreleiar Kine Berild Norheim og dagleg leiar Tore Holmem kan gle seg over at Arkwiz har sikra seg sin første kunde - som er mellom dei største aktørane i landet. Foto: Næringsteft
Nytt

Næringsteftvinner sikra sin første kunde

Stor aktør vil ta i bruk automatisert løysing for 3D-visualisering.

Marius Rosbach
11.03.2026

Eitt år etter Arkwiz innkasserte sigeren i Næringsteft-konkurransen, har Ålesund-selskapet lansert sin digitale plattform for 3D-visualisering. 

Det nettbaserte verktøyet skal på ein enkel måte hjelpe utbyggjarar med å vise korleis eit nytt bygg, eller anlegg blir sjåande ut. Plattforma kalla «GEOS» blei presentert for fagmiljøet i Oslo førre veke, og lansert digitalt onsdag. 

Asplan Viak er første kunde
Allereie under den fysiske lanseringa blei det klart at den landsdekkande aktøren Asplan Viak vil ta i bruk verktøyet.

– Dei er blitt vår første kunde og signert kontrakt på systemet vi har bygd, fortel dagleg leiar Tore Holmem til Nett No.

Arkwiz jobbar også med storkonsernet Skanska om eit konkret prosjekt.

Arkwiz lansering
DIGITAL TVILLING: Førre veke blei plattforma lansert fysisk under eit arrangement i Oslo. Brukarane kan enkelt få generert ein digital tvilling dei kan nytte til å visualisere ulike prosjekt. Foto: Arkwiz

Jaktar fleire kundar
Holmem fortel at responsen på lanseringa var god med kring 30 bedrifter i salen frå bygg- og anleggsbransjen. 

– Vi vil sjå etter fleire som vil signere med oss. Samtidig er vi inne i eit pilotløp, og dei første kundane vil få tettare oppfølging slik at vi sikrar at systemet dekker behova deira, seier han.

Visualiseringsprogrammet er retta mot arkitekt- ingeniør og byggjebransjen, og utvikla saman med Geodata. Eigarane til partnaren kom også inn som medeigarar i Arkwiz i fjor sommar. 

Per i dag har selskapet éin tilsett, og har knytt til seg eit team med fire utviklarar. Om alt går etter planen, håpar Holmem at dei kan tilsette ein eller to personar i løpet av året. 

Får generert digital tvilling 
Brukaren av plattforma kan bestille ein digital tvilling av eit gitt område ved hjelp av ein GIS-plattform, kartdata og spillmotor-teknologi.

I løpet av kort tid blir det generert ein 3D-modell basert på oppdaterte geodata. Etterpå kan brukaren legge inn eigne modellar og simulere vêr og lysforhold. Visningar frå prosjektet kan også delast med andre – frå nettlesaren.

Tidlegare har Arkwiz mellom anna utvikla ein digital tvilling av det landbaserte oppdrettsanlegget til Salmon Evolution på Indre Harøy. 

– Den blei laga etter første byggetrinn var klart, og viste korleis 2. og 3. trinn skulle bli. Selskapet nyttar mellom anna modellen til å gjere tekniske gjennomgangar i presentasjonar, fortel Holmem. 

Publisert: 11.03.2026 13:46

Sist oppdatert: 08.06.2026 09:10

Mer om