Det seier dagleg leiar Ole Theodor Hovden.
Fleire politiske parti har signalisert støtte til innføring av meirverdiavgift for såkalla alternativ behandling frå 2021.
- Arbeiderpartiet har signalisert at dei ønsker unntak for mellom anna naprapater i ei ny mva-ordning, medan Frp har signalisert støtte til forslaget kun dersom naprapatar og osteopatar vert autoriserte som helsepersonell, seier Hovden.
Måtte stenge klinikkane
Han seier at spørsmålet om mva gir uro og skaper usikkerheit for Nordvest Naprapatklinikk og liknande bedrifter.
Dette kjem i tillegg til at selskapet måtte stenge sine fire klinikkar i nordvest etter koronatiltaka vedtatt av helsedirektoratet.
- Dette var sjølvsagt krevjande for vår bedrift, seier Hovden.
Nordvest Naprapatklinikk fekk koronastøtte, i tillegg til at ein perimitterte alle tilsette og kutta andre kostnader.
Bra belegg
Før koronanedstenginga såg det derimot bra ut.
- Vi hadde i perioden 01. januar - 12. mars godt belegg, og betre belegg enn tilsvarande periode i 2019, seier Hovden.
Men etter 17. mai har det på nytt vore tilnærma normal drift.
- Selskapet har for juni betre belegg enn for juni i fjor.
Nordvest Naprapatklinikk har kontor i Ulsteinvik, Moa, Fosnavåg og Ålesund.
Eigarar er Magnus Nord og Sara Lande Rise, i tillegg til Ole Theodor Hovden.
Hovden seier at det no vert no jobba godt i selskapet med å planlegge aktiviteten for komande haust og vinter, styrke kompetanse mellom dei tilsette i kombinasjon med betre tverrfagleg samarbeid.
Kritisk med ny nedstenging
Han seier at det vil vere kritisk for selskapet og andre liknande aktørar om det vert ei ny nedstenging på grunn av korona.
- Vi jobbar utifrå at det ikkje skal skje, og meiner at rutinene for smittevern og hygiene som no er innarbeidde ved klinikkane er så gode, at klinikkane kan haldast opne sjølv om det vert auke i smittetilfelle også lokalt.
I fjor omsette selskapet for 5,1 millionar kroner, og gjekk så vidt i pluss.
Les også: Opna «mini-helsehus» i sentrum
Dette var sjølvsagt krevjande for vår bedrift
Publisert: 04.08.2020 05:55
Sist oppdatert: 03.11.2023 13:45