NAV direktoer trur den stoerste toppen er passert
VERST RAMMA: Hotellbransjen og varehandelen er blant bransjene som har permittert flest siden koronatiltakene ble innført. 
Nytt

NAV-direktør trur den største toppen er passert

Auken i nye permitterte har bremsa kraftig opp, men Nav-direktør ventar «kjempetrykk» av nye meldekort-brukarar i helga. Han har fleire råd til dei som er ramma.

Marius Rosbach
27.03.2020
Tala som dagleg tikkar inn over nye permitterte, er framleis historisk rekordhøgt. Likevel er det no langt færre enn for berre nokre dagar sidan.
– Auken har teke av og det er vi veldig glade for. Eg trur vi har nådd den største toppen, men det er likevel ikkje slutt med permitteringar, påpeiker Veland til NETT NO.
Frå torsdag til fredag denne veka kom det inn nye 531 søknadar frå folk som er permitterte, ifølge dei siste (ekstern lenke til PDF-fil). Fredag for ei veke sidan var talet oppe i 1300 søknadar siste døgnet – etter at det tidlegare den veka kom inn 2500 søknadar i døgnet på det meste.

Mange vurderer innhaldet i krisehjelpa

Til saman er det no 11.865 nye permitterte i Møre og Romsdal sidan veke 11 – då regjeringa sette i verk omfattande tiltak for å hindre smittespreiing. I same periode er det kome inn 1177 søknadar om vanlege dagpengar.

– Vi er framleis i kontakt med ein god del arbeidsgjevarar som vurderer fortløpande kva dei skal gjere. Mange er opptekne av å sjå kva som ligg i desse tre krisepakkane regjeringa har lagt fram. Vi ser også at det er moglegheiter for at permitterte i ei bedrift, gir konsekvensar for andre bedrifter som er underleverandørar, seier han.
Til no er det varehandel, overnattings- og serveringsbedrifter og industrien som har permittert flest her i fylket, omtala torsdag.

Ingen auke i konkursar

Fleire har frykta eit skred av konkursar, men førebels har det ikkje vore noko unormal auka registrert hos . Sidan 12. mars er det registrert to konkursar på Sunnmøre.
Det er Sissels Blomster i Ørsta – som , og . Sistnemnte melde oppbod 13. mars og hadde truleg lite å gjere med tiltaka som blei innført dagen før.
Det er ikkje meldt nye konkursar i Nordfjord-kommunane etter tiltaka blei innført.

Ventar «kjempetrykk» i helga

NAV-direktør Stein Veland er no spent på korleis systema deira vil takle den første store bølga med nye personar som skal levere meldekort.
– Førebels ser det ut til at systema taklar situasjonen godt, men vi reknar med det blir kjempetrykk i helga, seier han.
Til å hjelpe dei som står fast, tipsar Veland om chat-bot-en Frida som ein kan sjå nede i høgre hjørnet av skjermen. Ved å opne denne, kan du få svar og rettleiing til alle døgnets tider.
– Slik kan folk få rettleiing punkt for punkt. Eg har testa den sjølv, og synest det fungerte veldig bra, seier han.
Dei ønsker også at folk legg inn CV-en sin på , i tilfelle det blir behov for å omplassere folk til andre bransjar.

Kan få forskott

Frå måndag ettermiddag er det også mogleg å søke om forskott på dagpengar. Først må ein søke og ha rett på slik støtte.
– Dei som har søkt om dagpengar allereie, kan frå det tidspunktet gå inn og krysse av om dei ønsker forskott. Om dei gjer det i perioden fram til 3. april, så vil dei få utbetalt forskott den 8. april. Vi trur det kan vere eit viktig bidrag for mange i denne situasjonen, seier Veland.
Til vanleg tek det kring 12 veker frå Stortinget har gjort vedtak til forskrifter er klare for bruk i NAV-systema. No går det i rekordfart. Veland påpeiker at det er avgjerande at alt fungerer teknisk.
– Vår bekymring har vore at systema ikkje skal takle så mange søknadar, men vi har stor grad av sikkerheit kring Nav.no, seier han.

Les også:




Publisert: 27.03.2020 17:51

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:55