Nedgang for avisene paa Nordvestlandet
NEDGANG: Koronaepidemien har gjort annonsemarknaden tyngre for Sunnmørsposten-redaktør Hanna Relling Berg og kollegaene i Polaris-avisene. Opplagsstatistikken for første halvår viser og ein nedgang.
Nytt

Nedgang for avisene på Nordvestlandet

Med Sunnmørsposten i spissen gjekk opplaget ned for dei aller fleste lokalavisene på Nordvestlandet. 

23.09.2020
viser at berre fire av i alt 24 aviser i Møre og Romsdal og Nordfjord auka opplaget i første halvår i år samanlikna med første halvår 2019.
(Så tabell for opplagsutvikling i slutten av artikkelen
Statistikken reknar med både papir- og digitale abonnentar. Talet på digitale abonnentar går opp viser den landsdekkande statistikken, medan det er færre papiravisabonnentar og abonnentar som har både papir- og digitalt abonnement.
Samla sett stig opplaget til medlemane i Mediebedriftene og Landslaget for lokalaviser, som undersøkjinga omfattar. Auken er på 0,7 prosent. 100 av 224 aviser hadde opplagsnedgang.

Mest ned

Som største avis på Nordvestlandet har Sunnmørsposten også den største nedgangen, målt i abonnentar. 635 færre blei det i første halvår, samanlikna med første halvår i fjor.
Opplagsvinnar, i prosent, er Sulaposten, med ein auke på 1,3 prosent. Det tilsvarar 26 nye abonnenentar.

Annonsetap

På Nordvestlandet er Polariskonsernet den dominerande aktøren i avismarknaden, og eig Sunnmørsposten, Romdals Budstikke og fleirtalet av dei andre lokalavisene gjennom datterselskapet Polaris Media Nordvestlandet.
Koronaepeidemien har gjort 2020 til eit tøft år. Avisene gjort mista nesten 10 millioner kroner i inntekter i andre kvartal.
Sunnmørsposten, Romsdals Budstikke og en rekke andre lokalaviser på Nordvestlandet fikk tilsaman ein inntektsnedgang frå 89,3 millioner kroner i 2. kvartal 2019 til 79,8 millionar kroner i 2. kvartal 2020.

Det var først og fremst annonseinntektene som svikta, både på papir og digitalt, viser halvårsrapporten til Polaris Media, der Polaris Media Nordvestlandet er et underkonsern. Abonnementsinntektene gjekk opp, trass opplagsnedgang, frå 46,4 til 48,6 millionar kroner.

Opplagsendring i prosent frå 1. halvår 2019 til 1. halvår 2020:


Fjordenes Tidende -6,0%Sunnmøringen -5%Midsundingen -4,9 %Vestnesavisa -4,0%Sykkylvsbladet -3,6%Vikebladet Vesteposten -3,5%Vestlandsnytt -3,3%Driva -3,1%Fjordingen -2,8%Åndalsnes Avis -2,7%Romsdals Budstikke -2,5%Sunnmørsposten -2,5%Møre-Nytt -2,4%Øy-Blikk -2,3%Synste Møre -1,9 %Firda Tidend -1,8%Aura Avis -1,4%Nordre -1,0%Fjordabladet -0,9%Storfjordnytt -0,9%Møre 0,1%Bygdebladet 0,3%Tidens Krav 0,7%Sulaposten 1,3 %

Publisert: 23.09.2020 14:02

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:03