Nedgang for sjoemateksporten
PRISFALL: Oppdrettslaks er det viktigaste fiskeslaget i den norske fiskeeksporten. I januar gjekk verdien av lakseksporten ned, sjølv om volumet steig.
Nytt

Nedgang for sjømateksporten

Prisen på oppdrettslaks har falle omlag 40 prosent frå januar 2020 til januar 2021.

03.02.2021
NETT NO/NPK-NTB: I første månad i år eksporterte Noreg sjømat for 8,1 milliardar kroner. Det er ein nedgang på 1,6 milliardar, eller 16 prosent, målt mot same månad i fjor.
Nedgangen kom først og fremst av eit vesentleg fall i eksportverdien for laks, forårsaka av strenge koronarestriksjonar og stengde eller delvis stengde restaurantar, forklarer Tom-Jørgen Gangsø i Noregs sjømatråd.
– Vi ser òg nedgang i eksporten av aure og fersk torsk samanlikna med den rekordsterke januarmånaden i 2020, seier Gangsø. Han er direktør for marknadsinnsikt og marknadstilgang.

Verdifall trass volumauke

I alt vart det eksportert 95.600 tonn laks til ein verdi av 5,2 milliardar kroner i januar. Volumet auka med 11 prosent, men verdien fall med 1,5 milliardar kroner, eller 23 prosent, samanlikna med januar i fjor.
Polen, Frankrike og USA var største mottakarar av laks frå Noreg i januar, medan Sverige var den største vekstmarknaden for laks same månad, målt i verdi.
– Pandemien skaper framleis utfordringar både her heime og ute i marknadene. Sjølv om eksportverdien i januar ikkje når opp til den rekordhøge eksportverdien i januar i fjor, klarer sjømatnæringa seg godt samanlikna med andre næringar, seier fiskeri- og sjømatminister Odd Emil Ingebrigtsen (H).
Tala for januar viser òg ein nedgang for aure. Eksportvolumet fall med 32 prosent til 3.800 tonn, medan eksportverdien på 218 millionar kroner er 134 millionar mindre enn i januar i fjor.

Meir tørrfisk og klippfisk

Det vart eksportert meir klippfisk og tørrfisk i årets første månad, høvesvis 9.600 tonn klippfisk til ein verdi 438 millionar kroner og 508 tonn tørrfisk til ein verdi av 92 millionar.
Verdien av klippfiskeksporten i januar auka med 10 prosent, volumet med 12 prosent.

Børsretur

Sjømatindeksen på Oslo Børs ligg no berre knappe tre prosent under nivået frå starten av 2020.
Indeksen gir eit bilete av den samla verdiutviklinga for aksjane til børsnoterte selskap i sjømatbransjen og var i slutten av mars 25 prosent under nivået frå starten av 2020.
Selskapet Salmon Evolution, som byggjer eit landbasert oppdrettsanlegg ved Bud i Romsdal, er eitt av sjømatselskapa på Oslo Børs. Aksjekursen i Salmon Evolution fall over 30 prosent frå selskapet blei tatt opp til notering i september 2020, men har tatt igjen mesteparten av kursfallet og ligg no knappe sju prosent under kursen frå då selskapet bleu børsnotert.

Publisert: 03.02.2021 08:46

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:14