Nei til delegering av makt i kommunane
OSLO: Kommunal- og moderniseringsminister Nikolai Astrup (H) får ikkje fullt gjennomslag i Stortinget for forslaget sitt til kriselov for kommunane. 
Nytt

Nei til delegering av makt i kommunane

Stortinget set foten ned for regjeringsforslaget om å la kommunestyra overføre makt til formannskapa.

06.04.2020
NPK-NTB: Det er klart etter at kommunal- og forvaltningskomiteen på Stortinget måndag la fram innstillinga om den nye kriselova som regjeringa har foreslått for kommunane.
I lovforslaget, som vart lagt fram fredag, foreslo regjeringa å gi kommunestyra moglegheit til å delegere myndigheit til formannskapa i saker om interkommunalt samarbeid. Det vart òg opna for tilsvarande delegering av makt frå fylkestinga.
Kommunal- og forvaltningskomiteen går no einstemmig inn for å fjerne paragrafen.
Komitéleiar Karin Andersen (SV) meiner unntaket rett og slett ikkje er nødvendig, sidan det samtidig er innført moglegheit for å halde kommunestyremøte på nett og for å gjere meir av saksbehandlinga skriftleg.
– Under behandlinga spurde vi departementet om ein kunne vise til døme at dette var ei akutt problemstilling. Det kunne ein ikkje, seier Andersen til NTB.
Resten av delane i kriselova får derimot gjennomslag. Lovforslaget kjem opp til behandling i stortingssalen tysdag.

Publisert: 06.04.2020 18:29

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:55