Fiskeri infelt marit arnstad foto bernt brandal ntb npk 11
IKKJE AKTUELT: Marit Arnstad (innfelt) meiner forbrukarane må sleppe dyrare bensin og diesel som følgje av skjerpa innsats mot klimaendringane. Foto: Bernt Brandal / Ørn E. Borgen-NTB-NPK
Nytt

Nektar å godta dyrare bensin og diesel

Senterpartiet har bestemt seg for å seie blankt nei til avgiftsendringar.

NPK
26.02.2021

(NPK-NTB-NETT.NO-Johan Falnes): Dei siste vekene har Senterpartiet vorte hardt pressa i klimapolitikken, og sterke indre spenningar har komme til overflata. Men no har stortingsgruppa til partiet sameina seg om viktige føringar for vegen vidare.

Éin av desse er at Senterpartiet vil skjerme bilistane frå effekten av auka CO2-avgift.

Det betyr at viss CO2-avgifta på bensin og diesel går opp, så må andre drivstoffavgifter gå ned. På den måten skal effekten på pumpeprisen nullast ut.

Ifølgje parlamentarisk leiar Marit Arnstad kan Senterpartiet vere med på å auke CO2-avgifta for nokre sektorar.

– Men vi kjem ikkje til å vere med på å auke CO2-avgifta på ein slik måte at pumpeprisen aukar, forklarer ho.

Tredobling
Arnstad grunngir standpunktet med at auka pumpepris rammar urettferdig både geografisk og sosialt.

– Vi vil gjerne oppmode flest mogleg til å ta kollektiv eller kjøpe elbil, men vi kan ikkje straffe dei som ikkje har moglegheit til det. Vi kan ikkje straffe dei som ikkje har råd til elbil, og vi kan heller ikkje straffe dei som bur slik til at dei ikkje har kollektivtilbod, seier Arnstad til NTB.

Det er den nye klimameldinga til regjeringa som har tvinga Senterpartiet til å ta stilling til saka.

– Ikkje aktuelt
I klimaplanen, som no er til behandling i Stortinget, varslar regjeringa at CO2-avgifta skal aukast til 2.000 kroner per tonn i 2030. Det er meir enn tre gonger så mykje som dagens nivå på rundt 590 kroner.

Ei slik tredobling går Senterpartiet i alle tilfelle imot.

– Vi meiner at CO2-avgifta må vurderast i dei årlege budsjetta framover. Det å binde seg til ei tredobling er ikkje aktuelt, seier Arnstad.

Store konsekvensar for fiskeflåten
I eit innlegg på Dagbladet fredag frå Geir Pollestad og Sandra Borch trekk dei fram konsekvensane for fiskeriet ved at regjeringa foreslår å fase ut kompensasjonsordninga for CO2-avgifta, i tillegg til avgiftsauken.

– Det er ein målretta politikk for å flytte verdiar bort frå distrikta og kysten - og ut av landet. No har vi fått nok og mobiliserer både fiskerinæringa og kysten mot regjeringas og Frp sin skatte- og avgiftsgalopp mot fiskerinæringa, heiter det vidare.

Kompensasjon
Når det gjeld pumpepris, har Finansdepartementet berekna at ei CO2-avgift på 2.000 kroner isolerte sett vil gi ein auke i bensinprisen på 4,14 kroner literen og dieselprisen på 4,76 kroner literen frå dagens nivå.

Dei siste åra har regjeringa valt å nulle ut effekten av auka CO2-avgift på bensin og diesel ved å kompensere gjennom kutt i vegbruksavgifta. I klimameldinga tek regjeringa ikkje stilling til om dette skal halde fram, men det blir påpeika at utsleppskutta vil bli betydeleg større viss ein droppar slik kompensasjon.

Senterpartiet meiner for sin del at justering i vegbruksavgifta er feil metode. Forslaget deira er å kutte i avgifta på biodrivstoff i staden. Det kan auke klimakutta og redusere pumpeprisen samtidig, meiner Arnstad.

– Men korleis dette kjem til å skje i dei årlege budsjetta framover, skal eg ikkje forskotere.

Kan bli forhandlingsspørsmål
Marit Arnstad understrekar at det er Senterpartiets primærpolitikk dei legg fram.

Ho ser ikkje bort frå at pumpepris kan bli gjenstand for forhandlingar mellom partia etter valet.

– Det får vi sjå når valet er unnagjort. Men viss Senterpartiet og Arbeidarpartiet kjem i ein posisjon der vi skal forhandle, så skal vi forhandle om alle område. Då skal vi forhandle om alt frå kyrkjer til utdanning til klima.

Arnstad er likevel klar på at det ikkje er aktuelt for Senterpartiet å inngå noko kompromiss i spørsmålet om CO2-avgift i samband med Stortingets behandling av klimameldinga.

– I klimameldinga er det ikkje aktuelt for Senterpartiet å inngå i noko forlik med andre parti som inneber ei forplikting om tredobling av CO2-avgifta innan 2030, seier ho.

– Og heller ikkje noko forlik som inneber auka pumpepris?

– Nei, det er heller ikkje aktuelt.

(©NPK)

Publisert: 26.02.2021 16:00

Sist oppdatert: 26.02.2021 16:17

Mer om