Nytt
Nest best utvikling i landet
Berre eitt fylke har hatt større nedgang enn Møre og Romsdal i arbeidsløysa i år. Sogn og Fjordane har den lågaste ledigheita i landet. Det er ikkje berre bra.
Marius Rosbach
20.12.2019
Ferske tal frå NAV viser at arbeidsløyse har vore stabil på Nordvestlandet dei siste månadene. I Møre og Romsdal er no 2,0 prosent heilt utan arbeid – ein nedgang på 13,2 prosent frå same månad i fjor.
For kring to år sidan hadde Møre og Romsdal klart høgare arbeidsløyse enn resten av landet. I løpet av fjoråret låg fylket på same nivå som resten av landet. I år har Møre og Romsdal fått gradvis lågare arbeidsløyse samanlikna med landet.
– Det siste året er det berre Hordaland av fylka som har hatt større reduksjon i arbeidsløysa enn oss, påpeiker NAV-direktør Stein Veland i Møre og Romsdal i ei pressemelding.
Fungerande direktør Bjarte Hysing-Olsen i NAV Vestland påpeiker at det er positiv utvikling i næringslivet, men mangel på arbeidskraft. Årsaka er lågare fødselstal og mindre innvandring.
NAV-direktøren meiner det bør vere ei god anledning til å fokusere på inkludering i arbeidslivet.
– Vi har ei stor gruppe menneske som står utanfor arbeidslivet, og ønskjer å kome inn. Når det samstundes er mangel på arbeidskraft, må både bedrifter og vi i Nav finne betre løysingar som kan bidra til at desse kjem seg inn i arbeidslivet. Nav har mange verkemiddel som kan vere til hjelp for å kvalifisere kandidatar og legge til rette for inkludering i arbeidslivet, uttalar Hysing-Olsen i ei .
Møre og Romsdal nest størst reduksjon
Gjennom 2019 har det blitt 412 færre arbeidslause i Møre og Romsdal – og fylket har hatt ei betre utvikling enn resten av landet.For kring to år sidan hadde Møre og Romsdal klart høgare arbeidsløyse enn resten av landet. I løpet av fjoråret låg fylket på same nivå som resten av landet. I år har Møre og Romsdal fått gradvis lågare arbeidsløyse samanlikna med landet.
– Det siste året er det berre Hordaland av fylka som har hatt større reduksjon i arbeidsløysa enn oss, påpeiker NAV-direktør Stein Veland i Møre og Romsdal i ei pressemelding.
Positiv utvikling – men mangel på arbeidskraft
I Sogn og Fjordane er arbeidsløysa framleis lågast i landet med 1,4 prosent. Dei høyrer no saman med Hordaland i Vestland fylke – der arbeidsløysa har gått ned med 990 personar i løpet av 2019. Det utgjer ein reduksjon på 12 prosent.Fungerande direktør Bjarte Hysing-Olsen i NAV Vestland påpeiker at det er positiv utvikling i næringslivet, men mangel på arbeidskraft. Årsaka er lågare fødselstal og mindre innvandring.
NAV-direktøren meiner det bør vere ei god anledning til å fokusere på inkludering i arbeidslivet.
– Vi har ei stor gruppe menneske som står utanfor arbeidslivet, og ønskjer å kome inn. Når det samstundes er mangel på arbeidskraft, må både bedrifter og vi i Nav finne betre løysingar som kan bidra til at desse kjem seg inn i arbeidslivet. Nav har mange verkemiddel som kan vere til hjelp for å kvalifisere kandidatar og legge til rette for inkludering i arbeidslivet, uttalar Hysing-Olsen i ei .
Publisert: 20.12.2019 12:34
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:48