Nytt
- Nesten alle ulukker skuldast menneskelege feil
Han meiner at alt tyder på at Helge Ingstad-ulukka skuldast menneskelege feil, men slik er det nesten alltid ved ulukker til sjøs.
23.11.2018
- Våre undersøkingar viser at 96 prosent av alle ulukker til sjøs skuldast menneskelege feil.
Det sa kaptein William Wright under ein konferanse om avanserte fartøy i Ulsteinvik torsdag.
Wright har mangeårig bakgrunn som kaptein i Royal Caribbean Cruises, til han overtok ansvaret for all maritim drift i cruiseselskapet.
Han har fulgt tett med i Helge Ingstad-saka.
- Det er muleg det kjem andre forklaringar til slutt, men så langt tyder alt på at det her ikkje er snakk om tekniske feil.
- Dette ser ut til å vere menneskelege feil, og då spelar det inga rolle kor mange striper ein har på skjorta.
Ein gong heldt det på å galt på veg opp Hudson River i New York, med masse kjendisar om bord, inkludert Bill og Hilary Clinton.
- Vi fekk 'black out' på systemet, og måtte finne andre løysingar, men vi kom oss likevel ikkje opp elva og til kai.
- Det viste seg at ei ny software virka slik at det berre vart halv kraft når vi køyrde maskineriet på 'split switchboard', noko vi ikkje var informert om.
Wright meinte at det var langt att før menneska på brua kunne erstattast med teknikk.
- Teknikk er bra, og den menneskelege hjerna har avgrensa kapasitet, og for å oppfatte situasjonar vil teknikken vere til stor hjelp.
- Like fullt trur eg det vil ta lang tid før alt mannskapet kan gå på land.
- Berre sjå på Costa Concordia-forliset i 2012 med 32 omkomne.
- Feilen skuldast ein mann, og hadde ikkje noko med teknikk å gjere.
- Det er viktig at vi får flatare struktur og betre samarbeid på brua.
- Den viktigaste oppgåva for kapteinen er å bidra tiil å byggje eit sterkt lag der alle også kan seie frå når noko er galt.
Det sa kaptein William Wright under ein konferanse om avanserte fartøy i Ulsteinvik torsdag.
Wright har mangeårig bakgrunn som kaptein i Royal Caribbean Cruises, til han overtok ansvaret for all maritim drift i cruiseselskapet.
- Ikkje tekniske feil
No har Wright pensjonert seg og er konsulent i selskapet Safenav Consulting.Han har fulgt tett med i Helge Ingstad-saka.
- Det er muleg det kjem andre forklaringar til slutt, men så langt tyder alt på at det her ikkje er snakk om tekniske feil.
- Dette ser ut til å vere menneskelege feil, og då spelar det inga rolle kor mange striper ein har på skjorta.
Krise med Clinton-paret om bord
Wright har sjølv vore kaptein på fleire av dei største cruiseskipa.Ein gong heldt det på å galt på veg opp Hudson River i New York, med masse kjendisar om bord, inkludert Bill og Hilary Clinton.
- Vi fekk 'black out' på systemet, og måtte finne andre løysingar, men vi kom oss likevel ikkje opp elva og til kai.
- Det viste seg at ei ny software virka slik at det berre vart halv kraft når vi køyrde maskineriet på 'split switchboard', noko vi ikkje var informert om.
Langt fram til autonomi
Under konferansen var det stor fokus på autonomi og utvikling av fjernstyrte skip.Wright meinte at det var langt att før menneska på brua kunne erstattast med teknikk.
- Teknikk er bra, og den menneskelege hjerna har avgrensa kapasitet, og for å oppfatte situasjonar vil teknikken vere til stor hjelp.
- Like fullt trur eg det vil ta lang tid før alt mannskapet kan gå på land.
- Feil frå ein mann
Han viste til ei rekkje ulukker både frå skipsfart og flyfart, men slo fast at ein fellesnemnar for mange av ulukkene var at det skuldast feil frå ein enkelt person.- Berre sjå på Costa Concordia-forliset i 2012 med 32 omkomne.
- Feilen skuldast ein mann, og hadde ikkje noko med teknikk å gjere.
Lagarbeid
Han meinte at tida med ein einerådande kaptein på brua burde vere slutt, og viste blant anna til store ulukker der underordna offiserar ikkje våga å seie frå.- Det er viktig at vi får flatare struktur og betre samarbeid på brua.
- Den viktigaste oppgåva for kapteinen er å bidra tiil å byggje eit sterkt lag der alle også kan seie frå når noko er galt.
Det er viktig at vi får flatare struktur og betre samarbeid på brua
Publisert: 23.11.2018 05:58
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:28