Nesten dobla utbytte for Sparebanken Møre
Vil betale ut meir enn 371 millionar til eigarane - og endå litt meir i gåvemidlar.
Sparebanken Møre aukar lønsemda og foreslår eit utbytte til eigenkapitalbeviseigarane på 7,50 kroner per eigenkaptialbevis. Det er nesten ei dobling samanlikna med det banken foreslo då tala for 2022 vart lagt fram, fire kroner per eigenkaptitaltbevis.
Sparebanken Møre er dels eigd av eigenkapitalbeviseigarane, dels sjølveigande. Utbytte til eigenkapitalbeviseigarane og utløyser eit like stor avsetning til gåvemidlar, som blir delt ut til samfunnnyttige formål.
Blir framlegget til utbytte godkjent betyr det 371 millionar kroner til eigenkapitalbeviseigarane og 376 millionar kroner til gåvemidlar.
Redusert utlånsvekst
Utlånsveksten i siste 12 månadarsperiode er 7,2 prosent. Utlån til privatkundar aukar 5,9 prosent og utlån i bedriftsmarknaden med 9,2 prosent. Ved utløpet av tredje kvartal 2023 var tilsvarande tal 8,2 prosent utlånsvekst samla, fordelt på sju prosent i privatmarknaden og 10,9 prosent i bedriftsmarknaden.
Gjennom heile 2023 har bankens syn vore at det står bra til med næringslivet på Nordvestlandet. Det er bankens vurdering også i dag.
– Grunnoppfatninga er den same som vi sa i tredje kvartal. Vi er framleis optimistar for området vårt, seier administrerande direktør Trond Lars Nydal til NETT NO.
Samstundes peikar han på at det er ulikskap mellom bransjane. Det er utfordringar i bygg- og anleggsbransjen og deler av varehandelen - og oppsving for verfta og offshorereiarlaga.
Tilbakeførte tap
At offshorereiarlaga har betre tider etter den langvarige krisa som blei utløys av oljeprisfallet i 2014, vises mellom anna ved at Spaerbanken Møre i fjerde kvartal 2023 tilbakeførte 115 millionar kroner som var sett av til tap på utlån til offshore-reiarlag.
– Det at vi no har lukkast med desse tilbakeføringane er blant anna eit resultat av eit langsiktig og verdiskapande samarbeid mellom Sparebanken Møre og kundane, sa Nydal i ei børsmelding i desember i fjor.
Les også
Anders Pedersen ikkje lengre storaksjonær
Ved utløpet av 2022 var Anders Pedersen og familien største eigenkapitalbeviseigar i Sparebanken Møre. Gjennom selskapet Cape Invest eigde dei 4.904.583 eigenkapitalbevis, som tilsvarar 9,94 prosent av eigenkapitalbevisa i banken.
Cape Invest selde seg gradvis ned i løpet av 2023 og frå og med utløpet av 2. kvartal 2023 har Cape Invest ikkje vore blant dei 20 største eigarane.
Største eigar no er Sparebankstiftelsen Tingvoll med 4.904.585 eigenkapitalbevis, som tilsvarar eit andel på 9,92 prosent.
Av eigarane basert på Nordvestlandet har Wenaasgruppen auka sin eigarandel frå 3,84 til 4,25 prosent, Wenaas Efta har auka frå 2,02 til 2,23, Lapas (Leif Arne Langøy og familie) har auka frå 1,25 til 1,27 prosent. Stiftelsen Kjell Holm eig 0,85 prosent og Borghilde Hanna Møller 0,41 prosent. Ny på lista over dei 20 største eigarane er Nils Gunnar Hjellegjerde gjennom selskapet Hjellegjerde Invest.
Sparebanken Møre | ||
Pr. 4. kvartal. I mill. kroner | 2023 | 2022 |
Inntekter | 2195 | 1756 |
Resultat før tap | 1336 | 1009 |
Resultat før skatt | 1380 | 1013 |
Sparebanken Møre | ||
4. kvartal. I mill. kroner | 2023 | 2022 |
Inntekter | 577 | 535 |
Resultat før tap | 335 | 318 |
Resultat før skatt | 452 | 316 |
Publisert: 25.01.2024 07:11
Sist oppdatert: 25.01.2024 21:07