Nesten dobling for Isowest
REKORDÅR: Mange store oppdrag på same tid gjorde 2019 til eit rekordår for Isowest.
Nytt

Nesten dobling for Isowest

Gode utsikter i 2020, trass koronakrisa.

07.04.2020
- Det blei veldig mange store oppdrag som kom samtidig, seier dagleg leiar og medeigar i Roy Kåre Indrevåg i Isowest om driftsinntektene i 2019.
Det gjorde at driftsinntektene nesten dobla seg frå 2018 til 2019, til 61,3 milionar kroner (sjå tabell). Resultatet før skatt blei åtte millionar kroner.
Isowest held til på Eidsnes, og sysselsette 15 årsverk i fjor. Selskapet har spesialisert seg på innreiing og isolering av skip og landanlegg.

Gode utsikter

2020 har starta godt, sjølv om driftsinntektene ligg an til å bli som i eit normalår, altså på line med 2019, i følgje Indrevåg.
Selskapet har godt med arbeid, og kan gjennomføre oppdraga sine trass i tiltaka mot koronaepidemien, seier han.

Mest maritimt

Isowest har oppdrag både for reparasjon- og vedlikhaldsverft og med anlegg på land. Fordelinga maritime oppdrag/bygging av kjøle-og fryselokale på land var omlag 60/40 i fjor og ligg an til det same i år.
Indrevåg eig selskapet saman med Geir Dybvik, Frank Storhaug Fylling og Ivar Leon Urke.

Publisert: 07.04.2020 08:30

Sist oppdatert: 25.03.2021 08:43