Samanslåinga av Romsdal Sparebank og Sunndal Sparebank i fjor sommar kosta 19 millionar kroner. I tillegg auka tapa med 44 millionar kroner i fjor, til 65,3 millionar kroner, går det fram av kvartalsrapporten per 4. kvartal. Tapsauken skuldast tap på utlån i bedriftsmarknaden.
Konsekvensen av auka tap og samanslåingskostnadar er at banken foreslår å nesten halvere utbyttet per eigenkapitalbevis, frå 9 kroner etter 2024 til 4,90 kroner etter 2025.
Eigenkapitalbeviseigarane eig 35,6 prosent av banken og blir det foreslåtte utbyttet vedtatt får dei utbetalt 26,7 millionar kroner.
Det samla utbyttet var omlag like stort etter 2024, men då fordelt på færre eigenkapitalbevis.
I dag er eigenkapitalbevisa i Tinde Sparebank notert på marknadsplassen Euronext Growth på Oslo Børs. I løpet av andre kvartal planlegg banken å søkje om å bli notert på hovudlista, der krava til å vere notert er høgare.
Proforma-tal viser ein utlånsvekst på 2,2 prosent i 2025. Utlån til bedrifter auka med 2,6 prosent, til private med 2,1 prosent. Proformatal viser korleis rekneskapen ville sett ut om dei to bankane som har blitt til Tinde Sparebank hadde vore ein bank i heile 2025.
| Tinde Sparebank | ||
| Per 4. kvartal. I mill. kroner | 2025 | 2024 |
| Driftsinntekt | 376,3 | 240,5 |
| Driftsresultat | 165,5 | 121,6 |
| Resultat før skatt | 100,3 | 100,0 |
| Tinde Sparebankn | ||
| 4. kvartal. I mill. kroner | 2025 | 2024 |
| Driftsinntekt | 112,6 | 63,4 |
| Driftsresultat | 48,8 | 27,4 |
| Resultat før skatt | 16,4 | 14,5 |
Publisert: 16.02.2026 09:56
Sist oppdatert: 16.02.2026 09:56






