Nesten rekordaar for Vartdalgruppa
GODT FJORÅR: Ottar Vartdal (innfelt) har bygd opp konsernet Vartdalsgruppa, som driv oppdrett av laks, både settefisk og matfisk.
Nytt

Nesten rekordår for Vartdalgruppa

Nær dobling av omsetninga, langt betre lønnsemd og millionar i utbytte. 

Marius Rosbach
07.09.2020
2019 blei eitt av dei beste åra til Vartdalgruppa Fiskeoppdrett nokon gong. Både omsetning og resultat er det nest høgaste i morselskapet Vartdal Invest (sjå tabell til høgre – under om du les på mobil).
Det er selskapetl som utgjer størsteparten av drifta med fire laksekonsesjonar i Ørsta. Volda og Ulstein. Det gode resultatet gjorde at det blei teke eit utbytte på 14 millionar kroner frå Aqua Farms-selskapet.
Konsernet består også av selskapa Vartdal Fiskeoppdrett, Urke Fiskeoppdrett, Vartdalsgruppa Fiskeoppdrett, Western Seaproducts og Vartdal Fryseri.

Har satsa på storsmolt

Ottar Vartdal som har bygd opp konsernet, ønskjer ikkje å kommentere årsresultatet og viser til som nyleg blei gjort offentleg via Brønnøysundregistera.
Vartdalgruppa har investert mykje i anlegga for å auka storleiken på smolten, mellom anna ved å bygge det som har vore omtala som verdas største smoltekar. I 2018 starta dei produksjon storsmolt.
Omsetning på 292 millionar er den neste høgaste til morselskapet, , då dei bikka over 300 millionar. Ottar Vartdal har tidlegare påpeika at tidspunktet for slakting kan påverke storleiken på omsetninga for enkelte år.
Konsernet har 45 tilsette og hadde eit sjukefråvær på 2,9 prosent i 2019.

Ingen koronaeffekt

Styret skriv i årsrapporten at koronapandemien ikkje har påverka konsernet sin aktivitet direkte, men at ein følgjer nøye med på situasjonen.
Leiinga skriv at dei største risikoen er knytt til utviklinga i lakseprisen, prisen på lakseför og biologisk risiko ved sjølve produksjonen. Når det gjeld sistnemnte er dei i hovudsak forsikra mot større tap.
Eigenkapitalen til konsernet var ved utgangen av 2019 på drygt 1765 millionar kroner. Samla gjeld var på 262 millionar på same tidspunkt.

Les også:



Publisert: 07.09.2020 15:04

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:02