Nett no magasinet 2023
11. ÅRGANG: NETT NO-magasinet kom første gang ut i 2013.
Nytt

NETT NO-magasinet 2023 er ute

Det har vore gode år for store deler av næringslivet på Nordvestlandet, men uvissa aukar for 2024.

12.12.2023

NETT NO-magasinet 2023 ser både bakover på to gode år, og framover mot eit 2024 der deler av næringslivet er optimistiske - medan andre merkar at internasjonal uro, renteauke, svak krone og høgare skattar byrjar å bite.

Det er 11. årgang av magasinet, som kom ut første gang 2013.

Les magasinet digitalt her (ekstern lenke)

Nordvestlandet i Baltikum
I årets NETT NO-magasin har vi besøkt Baltikum, der dei første bedriftene frå Nordvestlandet etablerte seg for fleire tiår sidan lokka av låge kostnadar og tilgang på kvalifisert arbeidskraft. Lønsnivå og kostnadar har auka også der, men framleis satsar aktørar her frå regionen i Baltikum – og haustar gevinst med auka aktivitet også for bedriftene heime i Noreg.

Vi har snakka med Asbjørn Solevågseide, Peder Stette og Frode Håkon Kjølås om livet etter at dei selde seg ut av Optimar og blei investorar i ei rekkje selskap på Nordvestlandet, og Erik Berg om den landsomfattande hotellkjeda hans.

I magasinet oppsummere vi resultata til dei over 3300 bedriftene i NETT NO sitt dekningsområde som har over fem millionar kroner i driftsinntekt, og samanliknar utvikling dei siste fem åra. Tala viser at både 2022 og 2023 blei gode år for bedriftene samla sett.

Skilnad mellom bransjane
Men det er skilnadar mellom bransjane. På den eine sida er låg arbeidsløyse, bedrifter som sleit med å rekruttere kvalifisert arbeidskraft, opptur i olje, friskmelde offshorereiarlag og stigande inntekter og auka lønsemd for alle eksportbedrifter, takka vere den svake krona.

den andre sida er stigande rente og ei prisstiging vi ikkje har vore van med på mange år, eit tilbakeslag for møbel- og andre bedrifter som hadde ein boom under koronapandemien.

Du kan også lese korleis valutakursutviklinga slår inn i restaurantbransjen, spesielt for restaurantar som satsar på sjømat. Fisken deira er norsk, kundane er i hovudsak norske og dei driv på Nordvestlandet. Likevel slår valutauviklinga negativt ut.

Les magasinet digitalt her (ekstern lenke)

Publisert: 12.12.2023 11:37

Sist oppdatert: 12.12.2023 14:57

Mer om