NETT NO M Agasin 2021 framside
NIANDE ÅRGANG: NETT NO-magasinet har kome ut kvart år sidan 2013. I denne artikkelen finn du lenke som gjer at du kan lese magasinet på skjerm. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

NETT NO-magasinet er ute

Mangel på arbeidskraft har blitt ein flaskehals. NETT NO-magasinet 2021 ser på korleis Nordvestlandet kan sikre rekrutteringa.

Då innhaldet av NETT NO-magasinet 2021 vart planlagt i vår, vurderte vi at rekruttering og tilgang på arbeidskraft kom til å bli eit viktig tema i år. Det fekk vi rett i, men vi undervurderte kor viktig det faktisk skulle bli.

Klikk her for å les heile magasinet

Les mellom anna artikkelen om korleis Sykkylven gjekk frå å ha den høgaste arbeidsløysa i heile landet, til ein situasjon der tilgangen på folk kan legge ein dempar på kor stor del av den vidare veksten i Ekornes-konsernet som vil skje i Sykkylven.

I dette magasinet kan du lese fleire intervju med unge arbeidstakarar som fortel kva dei la vekt på då dei valde retning og søkte jobb. Poenget med desse intervjua er å gi impulsar og stimulere til debatt om korleis bedrifter og aktørar i offentleg sektor kan arbeide for å trekkje folk til Nordvestlandet.

Det er fleire årsaker til at rekruttering har blitt ei meir utfordrande oppgåve. Det grunnleggjande er låge fødselstal, slik at befolkninga gradvis blir eldre samstundes som det skjer utflytting frå vår region til fordel for større byar. Og kanskje ser vi no også at det har blitt vanskelegare å rekruttere og halde på arbeidskraft frå utlandet, mellom anna til industrien og reiselivsbransjen.

Nett no er den viktigaste grunnen til at rekruttering har blitt meir krevjande, rett og slett at det går bra i næringslivet på Nordvestlandet.

Etter kvart som smittervernrestriksjonane mot koronaviruset har blitt letta på og oppheva, er planar som blei lagde på is tatt fram igjen. Aktiviteten går opp, bedriftene treng fleire folk, og det er på nytt stor kamp om arbeidskrafta.

Vi håpar at magasinet fell i smak. God lesing!

Kjetil Haanes, Ogne Øyehaug og Marius Rosbach

Klikk her for å les heile magasinet

Publisert: 19.11.2021 10:00

Sist oppdatert: 23.12.2021 09:09

Mer om