Netthandlaren i Hundeidvika
RETT PÅ NETT: Frank Willy Utgård gjekk rett på nett då Jarnes Møbler la om frå å vere underleverandør til å stå fram med eige varemerke. No har han opna nettbutikken også for andre, og fått naboverksemda Formfin til å teste netthandel hos han.
Nytt

Netthandlaren i Hundeidvika

Frank Willy Utgård i Jarnes Møbler er der resten av møbelprodusentane førebels knapt drøymer om å vere.

28.12.2017
Frank Willy Utgård er ingen tvilar. Vegen fram går utanom butikklokalet.
- Det er dette som er framtida, det er det ingen tvil om.

Utgård brukar internett til å hoppe rett over butikkleddet og vil gjerne ha andre med seg.
I fabrikklokalet han leiger i Hundeidvika er det mykje handverk for dei fire tilsette, men i marknadsføringa, kundekontakt, sal og distribusjon er det nettet som gjeld.

Satsa mot sluttkundane

I 19 av sine 23 år har Jarnes Møbler vore ei bedrift ingen møbelkjøparar hadde høyrt om. Bedrifta var ein underleverandør, kundane var andre bedrifter.
Det endra seg etter at eit oppdrag med å utvikle eit barnesete heldt på å ta knekken på selskapet. Den smellen kom på toppen av ein gradvis tøffare konkurranse frå utlandet.
Utgård satsa på å gå rett til sluttkundane, med eigenutvikla fargesterke småmøblar i retrostil frå 50- og 60-talet.
I 2015 gjekk han på nett.
Å prøve på å vinne innpass i dei store møbelkjedene var ikkje aktuelt.
- Dei styrer veldig mykje korleis det skal sjå ut. Eg såg at vi kan tene meir på å gå direkte til kundane, og kundane kan spare eitt ledd, seier han.
I samarbeid med designar Jarle Slyngstad utviklar Utgård nye modellar tett på sluttbrukar gjennom kontinuerlege tilbakemeldingar og innspel via sosiale plattformer som Facebook og Instagram.

Drahjelp frå bloggarar

Utgård sine møblar blir på nettet blant anna løfta fram av bloggarar som har likt møblane.
Reinspikka produktplassering har Utgård også fått. I TV-serien ”Okkupert” var Jarnes Møbler på plass – og dei møblane er no på veg ut i marknaden att, men signaturar frå skodespelarane under setet.
Prøvesitte kan du gjere hos ein del samarbeidspartnarar, som stiller ut møblane i butikkane sine.
Det er snakk om reine utstillingar, og partnarane treng ikkje vere møbelhandlarar. I Ålesund er det til dømes Glassmester O. Hauge som viser fram møblane.
Sjølve handelen skjer i nettbutikken - Jarnes.no - og møblane blir leverte på døra.

Opnar butikken for andre

Utgård har også klargjort nettbutikken for andre, og møbelprodusenten Formfin – rett i nabolaget – er ein av dei som vil teste ut netthandel gjennom Jarnes.no.
- Jarnes.no er eit eige selskap. Så snart vi har sett i gang med andre leverandørar, lanserer vi Jarnes Møbler som eigen merkevare på lik line med andre leverandørar i nettbutikken, seier Utgård.
Utgård hadde allereie erfaring frå netthandel før han starta Jarnes.no. I etasjen over møbelfabrikken har Gitarist.no kontor og lager. Herfrå har Utgård - som var primus motor i bluesbandet Woodleg Odds og no er gitarist i Vassendgutane – seld gitarutstyr sidan 2012.
Kva nettet har å seie for møbelhandelen er aukande. Ekornes har til dømes sett at talet på butikkar ein kunde går innom før eit kjøp er nesten halvert.
Det fortel av mykje av undersøkingane ein kunde gjer før det blir kjøp blir gjort på nettet.
For dei store aktørane i møbelbransjen, som Ekornes og møbelkjedene, med store anlegg, mange andre aktørar og avtalar å forhalde seg til, er det ikkje gjort i ei handvending å snu seg om.
Den gamle strukturen treng ikkje nykomaren Frank Willy Utgård å ta omsyn til. For han var rett på nett det enklaste alternativet.
Det er dette som er framtida, det er det ingen tvil om

Publisert: 28.12.2017 15:30

Sist oppdatert: 12.03.2021 15:49

Mer om