Nytt
NHO-direktøren til statsråden: - Vi er utolmodige
Samferdsleministeren i Ålesund for å få innspel om Nasjonal Transportplan.
Marius Rosbach
18.08.2020
Tysdag kom samferdsleminister Knut Arild Hareide til Ålesund i samband med arbeidet med Nasjonal Transportplan for dei komande åra.
Besøket skjer ved bedrifta Driw i Gangstøvika og det var eit tett program som venta statsråden i løpet av dagen.
Ein rekke næringslivsleiarar skal i løpet av besøket ta før seg ulike tema, og gi innspel til korleis dei ser på saka (sjå oversikt under).
- No er det planar om vegforbindelse heilt utan ferjer, sa Hareide – og understreka at det viste kva for moglegheiter samfunnet har for utvikling.
Han lova å lytte ekstra nøye til innspela frå næringslivet. I løpet av tysdagen skal dei også møte fylkeskommunane i Trøndelag og Møre og Romsdal.
Det grunnleggjande er at Møre og Romsdal er verdiskapingsfylke nummer to etter Rogaland i landet, påpeika Remme. NHO-direktøren meiner fylke difor burde få meir av potten til samferdsel enn i dag, til trass for at fylket ikkje har fleire enn litt over ein kvart million innbyggjarar.
Remme er klar på at det er eksportvegen gjennom Romsdalen og ferjefri E39 som har høst prioritet. Han dreg også fram at ei satsing på fylkesvegane er eit ønske – slik også fylkespolitikarane har teke til orde for.
Allereie tidleg tysdag blei innhaldet i innlegget frå Onrail kjent: Selskapet vil starte opp godstransport på Raumabanen neste år.
Desse skal gi innspel til samferdsleministeren:
Besøket skjer ved bedrifta Driw i Gangstøvika og det var eit tett program som venta statsråden i løpet av dagen.
Ein rekke næringslivsleiarar skal i løpet av besøket ta før seg ulike tema, og gi innspel til korleis dei ser på saka (sjå oversikt under).
Vil lytte ekstra nøye til næringslivet
Knut Arild Hareide kom sjølv med nokre innleiande ord. Han starta med å fortelje om korleis det var sju ferjer frå heimplassen til dei kom til Hareidlandet.- No er det planar om vegforbindelse heilt utan ferjer, sa Hareide – og understreka at det viste kva for moglegheiter samfunnet har for utvikling.
Han lova å lytte ekstra nøye til innspela frå næringslivet. I løpet av tysdagen skal dei også møte fylkeskommunane i Trøndelag og Møre og Romsdal.
Eksportveg og ferjefri E39 på topp
- Vi er utolmodige, var beskjeden frå NHO-direktør Espen Remme i Møre og Romsdal.Det grunnleggjande er at Møre og Romsdal er verdiskapingsfylke nummer to etter Rogaland i landet, påpeika Remme. NHO-direktøren meiner fylke difor burde få meir av potten til samferdsel enn i dag, til trass for at fylket ikkje har fleire enn litt over ein kvart million innbyggjarar.
Remme er klar på at det er eksportvegen gjennom Romsdalen og ferjefri E39 som har høst prioritet. Han dreg også fram at ei satsing på fylkesvegane er eit ønske – slik også fylkespolitikarane har teke til orde for.
Allereie tidleg tysdag blei innhaldet i innlegget frå Onrail kjent: Selskapet vil starte opp godstransport på Raumabanen neste år.
Les også:
Desse skal gi innspel til samferdsleministeren:
- Espen Remme –NHOs samferdselsløfte og regionale prioriteringer
- Per Olav Mevold, Vikenco AS - E39 Ålesund – Molde (Møreaksen)
- Rolf Olav Tenden, Thor Tenden Transport – E136 Romsdalen/RV15 Strynefjellet m/arm til Geiranger
- Gunvor Ulstein, Ulstein Verft, E39 Volda – Ålesund (Hafast)
- Pål Haugen, Driw - Tema: Hvordan big data fra veisektoren kan bli big business
- Anna C. Brustad Moe, NHO Trøndelag - Tema: Regionale prioriteringer i Trøndelag
- Ann Iren Holm, Kysthavnalliansen (med på Teams) - Tema: Gods fra vei til sjø
- Vidar Hauan, Tine Tanktransport - Tema: Effektivisering av godstransport, tilgang på vei og bane
- Henning Aandal, Onrail AS - Tema: Godstransport på tog
Publisert: 18.08.2020 12:36
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:01