(NPK-NTB): Oppdaterte reiseråd og avklaring av innreisereglar gir reiselivsoperatørar moglegheit til å planleggje sommaren, meiner NHO reiseliv.
Det vart fredag klart at regjeringa framleis rår mot all utanlandsreising og dessutan forbod mot innreise til Noreg fram til 20. august. Reiseråda vil revurderast 15. juni og 20. juli.
Dette betyr at utanlandsturistar no kan gjere avbestillingane sine hos norske reise- og ferietilbydarar.
– Vi har venta lenge på å få ein så klar beskjed. Dette vil gjere det lettare for næringa å planleggje for sommaren, seier administrerande direktør i NHO reiseliv, Kristin Krohn Devold, i ei pressemelding.
Reiselivsnæringa må belage seg på at utanlandske turistar blir borte denne sommaren. Devold oppmodar derfor nordmenn til å støtte den norske reiselivsnæringa.
Ifølgje handelsorganisasjonen har 78 prosent av medlemsbedriftene hos NHO reiseliv permittert tre firedelar og alle sine tilsette.
– Vel fleire nordmenn å leggje ferien til Noreg, reddar vi fleire bedrifter frå konkurs og bidreg til at tilsette kjem tilbake på jobb, seier Devold.
(©NPK)

Dette vil gjere det lettare for næringa å planleggje for sommaren
Publisert: 15.05.2020 23:11
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:57