NHO aatvarar mot turistskatt
REISELIV: Administrerande direktør i NHO Reiseliv, Kristin Krohn Devold er kritisk til turistskatt. 
Nytt

NHO åtvarar mot turistskatt

Fleire turistdestinasjonar stiller seg positive til turistskatt. Men NHO Reiseliv fryktar det vil ramme bedriftene som bidreg til heilårsarbeidsplassar.

29.01.2020
NPK-Anne Sigrid Hundere: – NHO Reiseliv er positive til å teste ut ulike former for brukarfinansiering, men seier klart nei til turistskatt, seier Kristin Krohn Devold, administrerande direktør i NHO Reiseliv til Nynorsk pressekontor.
Næringskomiteen heldt tysdag høyring på Stortinget om utgreiing og innføring av turistskatt, i samband med eit forslag frå SV. Blant deltakarane var NHO Reiseliv, Virke og Norsk Reiseliv.

– Livredde for endå ein moms

NHO Reiseliv meiner det viktigaste er å sørgje for fleire heilårsturistar, noko dei meiner vil bli vanskelegare med turistskatt. Dei fryktar for ei næring som allereie er pressa på pris i den internasjonale konkurransen om gjester.
– Det å teste ut ulike løysingar der ein betaler for parkering, toalett og får moglegheit for større restriksjonar på besøk, som å seie nei til store flokkar med turistar og cruiseskip, er vi veldig for. Men vi er livredde for endå ein moms på overnattingsbedriftene, som skaper arbeidsplassar i distriktet, seier Devold.
Regjeringa har frå 2016 auka reiselivsmomsen frå åtte til tolv prosent.

Virke: – Skal vere opp til kommunane

Virke Reiseliv håper derimot at det turistskatt no blir greidd ut.
– Vi meiner at det skal vere turistskatt i Noreg, men at det skal vere opp til kommunane om dei vil bruke verktøyet eller ikkje. Vi ønsker utgreiinga velkommen, fordi vi er nøydde til å sjå på kva modellar som er mogleg å få til, seier Astrid Bergmål, leiar i Virke Reiseliv til Nynorsk pressekontor.
Dei siste åra har Verdsarvrådet for Vestnorsk fjordlandskap og reisemålsselskapa Visit Sognefjord og Geiranger utvikling, med støtte frå tre fylkeskommunar sett nærmare på verktøy for å løyse utfordringane knytt til turisme.

Ikkje avgjort om utsetjing

Virke oppmoda næringskomiteen til utsetje behandlinga av saka til dette arbeidet er avslutta og konklusjonane offentleggjort.
Geir Pollestad (Sp), leiar for næringskomiteen, seier komiteen ikkje har avgjort om dei vil utsetje å komme med si innstilling. Etter planen skal den komme i mars.
– Eg trur at sjølv om det ikkje er fleirtal for turistskatt no, er det fleirtal for å styre turiststraumen i større grad. Eg vil argumentere tungt for at ein ikkje må vere redd for meir kunnskap. Komiteen vil ta stilling i neste møte om vi skal utsetje behandlinga av saka, seier Pollestad til Nynorsk pressekontor.
I Geiranger meiner ordføraren turistskatt er heilt nødvendig. Jan Ove Tryggestad (Sp) håpar Stortinget vil opne for turistskatt for å hjelpe kommunane å handtere turiststraumen, skriv
– Vi treng ei avklaring. I dag er det ei rekkje turistmål i Noreg som slit. Vi kan ikkje aleine ta ansvar for det masseturismen påfører oss, seier Tryggestad (Sp) til kanalen.
Vi kan ikkje aleine ta ansvar for det masseturismen påfører oss

Publisert: 29.01.2020 08:35

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:51