Nytt
Ni milliardar meir verdt på tre veker
For andre dag på rad er Hexagon Purus blant dei største børsrakettane i aksjemarknaden.
08.01.2021
Frå børsnoteringa 14. desember 2020 til i dag har aksjekursene i Hexagon Purus meir enn dobla seg i verdi. Samanlikna med verdsettinga rett før børsnotering er selskapet fredag over tre gangar meir verdt.
Torsdag steig aksjekursen i Hexagon Purus med 17 prosent, i dag - fredag 8. januar - er kursstigninga over 20 prosent. På topp vart det handla Hexagon Purus-aksjar til 84,50 kroner per aksje, før kursen enda på 82,10 kroner per aksje ved børsslutt.
Den kursen verdset selskapet til 18,8 milliardar kroner, 3,2 milliardar kroner meir enn dagen før.
Hexagon Composites lagar tankar og system for bruk av naturgass som drivstoff og energikjelde, Hexagon Purus gjer tilsvarande for bruk av hydrogen.
Inntektene frå hygrodgensatsinga er førebels magre, det er forventingane til ein kraftig vekst i bruk og etterspørsel etter hydrogen som drivstoff som er grunnen til kursauken.
Begge selskapa har forretningsadresse i Ålesund.
Sluttkursen 65,85 kroner per aksje, er den høgste selskapet nokon gong har hatt.
Knut Flakk er styreleiar i Hexagon Composites, der han og familien eig 16,85 prosent av aksjane. Dei eig og knappe to prosent av aksjane i Hexagon Purus.
Torsdag steig aksjekursen i Hexagon Purus med 17 prosent, i dag - fredag 8. januar - er kursstigninga over 20 prosent. På topp vart det handla Hexagon Purus-aksjar til 84,50 kroner per aksje, før kursen enda på 82,10 kroner per aksje ved børsslutt.
Den kursen verdset selskapet til 18,8 milliardar kroner, 3,2 milliardar kroner meir enn dagen før.
Hydrogen-løft
Hexagon Composites skilde ut og børsnoterte datterselskapet Hexagon Purus i fjor haust for å reindyrke satsinga på hydrogenmarknaden, og få verdipotensialet i hydrogensatsinga betre fram i lyset.Hexagon Composites lagar tankar og system for bruk av naturgass som drivstoff og energikjelde, Hexagon Purus gjer tilsvarande for bruk av hydrogen.
Inntektene frå hygrodgensatsinga er førebels magre, det er forventingane til ein kraftig vekst i bruk og etterspørsel etter hydrogen som drivstoff som er grunnen til kursauken.
Begge selskapa har forretningsadresse i Ålesund.
Største eigar
Hexagon Composites eig 75 prosent av aksjane i Hexagon Purus. Den aksjeposten tilsvarar nesten heile børsverdien til Hexagon Composites, som er på 13,3 milliardar kroner, etter ein kursauke på 9,4 prosent i dag.Sluttkursen 65,85 kroner per aksje, er den høgste selskapet nokon gong har hatt.
Knut Flakk er styreleiar i Hexagon Composites, der han og familien eig 16,85 prosent av aksjane. Dei eig og knappe to prosent av aksjane i Hexagon Purus.
Publisert: 08.01.2021 16:44
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:11