Bjorli Skisenter 8 mars webkamera
GOD KOMBINASJON: Mange hytter og nok snø gir stabil lønsemd for Bjorli Skisenter. Biletet er frå webkameraet på toppen av anlegget i dag.
Nytt

Ni år på rad i pluss

Bjorli Skisenter har gått i pluss kvart år sidan 2011.

08.03.2021

Godt med snø sikrar Bjorli Skisenter som plassen som det stabilt mest lønsame skisenteret på Nordvestlandet.

Skianlegget på Bjorli har gått i pluss kvart år sidan 2011. Reknskapen for 2019/2020-sesongen er ikkje noko unntak.

Strandafjellet Skisenter er større, målt i driftsinntekter, men der er det berre dei tre siste offentleggjorte reknskapa som viser pluss i resultat før skatt.

Wenaas-selskap
Bjorli trekkjer til seg hyttekjøparar både frå Ålesund og Molde, og ligg samstundes slik til at der fell mykje snø - som blir liggande.

Det er gull verdt for mellom andre Bjorli Skisenter, der Wenaas Gruppen i Måndalen er største eigar. Wenaaas Gruppen er eigd av Lars Wenaas og familie.

Bjorli Skisenter as*

Tal i mill. kroner20202019
Driftsinntekter

11,2

12,9
Driftsresultat4,04,9
Resultat før skat4,04,8
*Avvikande reknskapsår. Reknskapsåret går frå 1. september


Publisert: 08.03.2021 10:46

Sist oppdatert: 08.03.2021 11:22

Mer om