Nils Sperre konsentrerer seg om Ellingsoeya
ELLINGSØYA: Nils Sperre AS har avvikla satsinga på Torsken Havprodukter og har no fullt fokus på drifta ved anlegget på Ellingsøya.
Nytt

Nils Sperre konsentrerer seg om Ellingsøya

Avvikla Senja-selskap, fokuserer på drifta på Ellingsøya og ser lysning etter tungt fjorår.

11.05.2020

- 2019 har vore eit drifts- og organisasjonsmessig ryddeår, seier dagleg leiar Erik Høyvik ved Nils Sperre på Ellingsøya.

medium

Konsernet omsette i fjor fisk for 1350,5 millionar kroner, opp frå 1200,1 millionar kroner året før.

Avviklar Torsken-satsing
Resultatet før skatt enda på minus 17,3 millionar, mot minus 3,3 millionar året før.

- Årsresultatet er prega av eingangseffekter, som rekneskapsmessige nedskrivingar, som primært skuldast opprydding i eigarstrukturar i datterselskap, seier Høyvik.

Blant anna har Nils Sperre eigd Torsken Havprodukter i Senja. Her vart drifta avvikla ved årsskiftet, og Nils Sperre-konsernet har tatt ei rekneskapsmessig nedskriving på 13,5 millionar kroner.

Driftresultatet ved Senja-anlegget enda i fjor på minus 8,5 millionar kroner.

Fokus på Ellingsøya
Konsernet har også vore majoritetseigar i Fosnavaag Pelagic i Fosnavåg. Her vart driftsresulatet i fjor minus 4,4 millionar kroner.

Fosnavaag Pelagic har no fått 10 millionar kroner i ny eigenkapital etter innskot frå aksjonærane.

- Selskapet vil framleis ha ein større aksjepost i Fosnavaag Pelagic, men etter restruktureringa vil vi konsolidere drifta til Ellingsøya, seier Høyvik.

På Ellingsøya gjekk drifta i pluss i fjor med 9,0 millionar kroner, men resultatet før skatt vart negativt på grunn av nedskrivingar.

Erik Høyvik seier at 2020 har starta bra.

- Det har starta bra, og vi har så langt også klart oss i godt i desse koronatidene.

Spent på klippfisksalet
Høyvik seier at selskapet har mottatt meir pelagisk fisk enn på same tid i fjor, og i tillegg funne kjøparar til fisken.

- Vi er litt spente på korleis klippfisksalet vil gå framover, men så langt har vi klart å oppretthalde salet.

- Vi køyrer likevel ei 'forsiktigheitslinje' innad, og vil justere drifta ved behov.

Konsernet har fått omgjort 30 millionar kroner av sin kortsiktige gjeld til langsiktig gjeld etter avtale med ein kredittinstitusjon.

Det er krav til eigenkapital og arbeidsavtal i avtalen, og der 16,6 millionar kroner av eksisterande langsiktig gjeld skal nedbetalast over ti år.

Familieeigd
Nils Sperre-konsernet driv produksjon av makrell, sild, lodde, saltfisk og klippfisk. Over to tredjedeler av omsetninga kjem frå pelagisk, resten frå salt/klippfisk. I tillegg driv selskapet noko trading av blåkveite, uer, sei og torsk.

Nils Sperre-konsernet er eigd av ti aksjonærar, alle med etternamn Sperre.


Det har starta bra, og vi har så langt også klart oss i godt i desse koronatidene

Publisert: 11.05.2020 05:58

Sist oppdatert: 03.11.2023 18:42