NTB Ps LZU Oh Mod M IKKJE BRUK
Landskapet rundt Haula Vingård er typisk norsk, men på garden blir det dyrka vindruer. Trass i ein våt og overskya sommar, har Nina Viddal håp om at å få fram ei smaksprøve av årets drueavling. Foto: Peder Skjelten / NPK
Nytt

Nina Viddal erstatta kyr med vindruer

Klimaendringar kan gjere Noreg eigna som vinland i framtida.

NPK
27.07.2022

NPK-Peder Skjelten: Fleire dyrkar norske druer i dag, likevel er industrien framleis berre i startfasen. Men klimaendringane kan gjere Noreg betre eigna som vinland i framtida.

Det er seks år sidan dei første drueplantane gjekk i bakken på garden til Nina Viddal inst i Hjørundfjorden på Sunnmøre. Garden har tradisjonelt hatt kyr, men då onkelen til Viddal døydde, bestemde ho seg for å prøve noko nytt.

– Eg ser føre meg at druedyrking kan bli eit alternativ til for eksempel eple i Noreg. Eg trur det norske landbruket treng å tenkje annleis, med meir variasjon. Vi er kanskje for tradisjonelle.

Fjordfordel
Viddal har jobba i hotell- og restaurantbransjen nesten heile livet og er utdanna sommelier, med stor interesse for kaffi og vin.

– Det er noko likt mellom kaffi og vin. Sjølv om ein type kaffibønne kan vere den same som ein annan, smakar den heilt annleis fordi den har blitt dyrka på ein annan stad. Det same tiltrekker meg med vin og druer.

Då ho tok over garden byrja ho å lese om vindyrking og inviterte Stephen Skelton, ein engelsk vinbonde med erfaring i å dyrke druer i kalde strøk, til Hjørundfjorden. Han inspiserte markane og gav ho tommel opp for at det kunne dyrkast vindruer her.

– Bygda ligg sør-vestvendt med helling ned mot sjøen. Det er ein fordel. Dei fleste vinmarkar i verda ligg sørvendt mot sjøen, då får du reflektert sollys frå fjorden.

Omtenkingstid i pandemien
Steffen Riis Christiansen er produktsjef på Vinmonopolet. Han har ansvar for vin frå Nord-Europa, derunder norsk vin.

Riis Christiansen seier det har skjedd ein del utvikling på norsk vin i nyare tid. Spesielt dei siste 18 månadane.

– Folk har hatt god tid under pandemien til å tenkje om kva ein vil drive med. Til no har vi likevel få produsentar som har nok flasker å levere til Vinmonopolet.

Om Vinmonopolet skal kjøpe inn vin frå ein produsent, må der vere eit minimum av 390 flasker frå produsenten å kjøpe inn. Det gjer at det berre er éin norsk produsent som har vin frå norske druer på Vinmonopolet. Nokre produsentar importerer druer frå utlandet og lagar vin av dei i Noreg.

Siderkunnskap
I dag er det om lag 40 vingardar i Noreg, fortel Generalsekretær Ingunn Jordheim ved Vin- og brennevinleverandørenes foreining. Fleire av dei blir drivne på hobbybasis.

– Det er fleire som er interesserte i å dyrke druer og lage vin, men det er ingen tvil i at vinproduksjon i Noreg berre er i startfasen. Grunnen til det er at der ikkje har vore tradisjon for druedyrking i Noreg på grunn av klimaet.

Jordheim seier Noreg likevel har eit godt grunnlag for å dyrke vin. Frå før har bønder i Sogn, Hardanger og Telemark stor suksess med å dyrke eple og bær som blir til sider og frukt- og bærvin.

– Desse bøndene sit med kunnskap om jordbruk og det tekniske, som gjer det lettare for dei å skulle begynne med druer.

Klimatilpassingar
Klimaet er den største hindringa for å få til produksjon av druer og vin i Noreg. Det gjer at det berre er spesielle druetypar, spesielt eigna for kulden under norske vintrar, som er mogleg å få fram i Noreg, fortel Riis Christiansen ved Vinmonopolet.

– Til no er det berre hybridsortar av drueplantar som er tilpassa vårt klima, som kan tole 16 minusgradar. Meir kjende druesortar som riesling og pinot noir har det vore forsøk på, med nokre modne resultat, men til no er ikkje klimaet eigna nok til å dyrke desse druene.

Alle druene til Nina Viddal i Hjørundfjorden er hybridsortar. Det er mest av kvitvinsdrua «Solaris», noko av den raude «Rondo», i tillegg til nokre «Seyval Blanc» og «Phoenix». Ho har valt ut desse druene fordi dei skal tole klimaet, modne tidlegare og vere meir resistente mot sjukdommar.

Der er likevel ein positiv konsekvens av dei negative klimaendringane: Det kan bli varmare og meir eigna temperatur for produksjon av vin i Noreg.

Viddal ser på klimaendringane vi allereie står i og potensialet for druedyrking i Noreg, med blanda kjensler.

– På 1960-talet var Geisenheim i Tyskland sett på som den mest nordlege staden for druedyrking, på 1980-talet var grensa flytta nordover til Oxford i England og på nytt flytta på 2000-talet til Göteborg. Eg vil helst ikkje at verda skal bli varmare, men slik klimautfordringane er no, viser det seg at om du ikkje brukar hybriddruer kan det gå dårleg.

Generasjonsdyrking
Druedyrking tek lang tid. Ifølgje Nina Viddal er ei vinplante er på sitt mest optimale når den er 30–40 år gammal. Riis Christiansen ved Vinmonopolet meiner difor det er først om nokre år ein vil sjå dei store mengdene norsk vin kome på Vinmonopolet.

Han trur Noreg i framtida har gode moglegheiter til å bli eit vinland.

– Kortreist mat er i vinden og vi har frå før godt sal av både svensk og dansk vin. Samstundes må det må så mykje kapital til for å byrje som vinprodusent i Noreg, at dei som prøver må ta det seriøst nok til at dei får det til, seier Riis Christiansen.

Smaken av fjorden
Trass i at året har vore prega av ein sommar med nedbør og lite sol på Sunnmøre, håpar Nina Viddal å få fram ein smaksprøve av årets avling. Å få nok kvantum til å selje på Vinmonopolet, er likevel ikkje den første prioriteten.

– Eg har skjenkeløyve på låven. Å kunne selje eigen vin på glas til gjestar på omvising ser eg føre meg vil skape meir interesse. Eg tenker òg å selje vinen til lokale skjenkestadar i området slik dei kan servere ein «Smak av Hjørundfjorden» og skape meir interesse for området. Etter det kan eg sjå mot Vinmonopolet.

Kva er «Smaken av Hjørundfjorden»?

Frisk og juicy med lett salt avslutning. Vi har jo fjorden rett ved sida av oss.

Publisert: 27.07.2022 10:30

Sist oppdatert: 27.07.2022 10:32