Nytt
NMK-hotell får ja
Fylkeskommunen snur og vender tommelen opp for hotell ved NMK. Men vil ha færre rom enn NMK ønskjer seg.
06.01.2020
I framlegget til områdeplan for området ved NMK og NTNU i Ålesund opna Ålesund kommune for eit hotellutbygging utan ei øvre grense for kor mange rom det kunne ha.
Det fekk Møre og Romsdal fylkeskommune til å kome med ei motsegn. For stort og ein uønskt konkurranse med hotella i Ålesund sentrum, meinte fylkeskommunen.
Gjeldande regulering for området har ei øvre grense på 40 rom. Kommunen meiner det er for lite, mellom anna fordi aktiviteten på NMK- og NTNU har blitt større enn den var då 40-romsgrensa vart sett i 2014, og fordi 40 rom er for lite til å få lønsam drift argumenterer kommunen i sitt brev til Møre og Fylkeskommune.
Då NETT i fjor haust skreiv at kommunen var positiv til eit hotell ved NMK, sa Bang Westre at han meinte 100 rom måtte til for at det skulle vere råd å realisere ei utbygging.
Den vurderinga står han fortsatt på, men seier framlegget til kommunen må vurderast.
Det fekk Møre og Romsdal fylkeskommune til å kome med ei motsegn. For stort og ein uønskt konkurranse med hotella i Ålesund sentrum, meinte fylkeskommunen.
Kompromiss
Men fylkeskommune trekte motsegna etter at Ålesund kommuen la eit nytt framlegg på bordet, der hotellkapasiteten blir avgrensa til 70 rom.Gjeldande regulering for området har ei øvre grense på 40 rom. Kommunen meiner det er for lite, mellom anna fordi aktiviteten på NMK- og NTNU har blitt større enn den var då 40-romsgrensa vart sett i 2014, og fordi 40 rom er for lite til å få lønsam drift argumenterer kommunen i sitt brev til Møre og Fylkeskommune.
Vil ha 100 rom
- Det er eit skritt i riktig retning, men eg er ikkje heilt fornøgd, seier dagleg leiar Kaj Bang Westre i NMK.Då NETT i fjor haust skreiv at kommunen var positiv til eit hotell ved NMK, sa Bang Westre at han meinte 100 rom måtte til for at det skulle vere råd å realisere ei utbygging.
Den vurderinga står han fortsatt på, men seier framlegget til kommunen må vurderast.
Publisert: 06.01.2020 14:11
Sist oppdatert: 07.06.2021 21:05