No blir det andre bollar ved Maritim Food
NYE PRODUKT: Maritim Food i Gjerdsvika er i dag kring 15 tilsette, men dagleg leiar Jan Brevik 8innfelt) kan truleg tilsette 15 til med ei ny produksjonslinje for fiskemat.
Nytt

No blir det andre bollar ved Maritim Food

Fiskemat gir jobb til 15 fleire ved Gjerdsvika-bedrifta.

Marius Rosbach
20.08.2020

Etter nedturen i fjor ligg det an til ny auke i arbeidsstokken ved Maritime Food i Sande.

Nedlegging av Berggrens fiskematfabrikk i Kongsvinger og ei avvikling av Maritim Food sitt anlegg i Fredrikstad gir meir arbeid til fabrikken i Gjerdsvika, ifølgje Vestlandsnytt.

Får inn nye produkt
Maritim Food stod ei periode i fare for å bli nedlagt etter å ha mista i ein større avtale i fjor. Resultatet vart ein kraftig reduksjon i arbeidsstokken frå 40 til kring ti tilsette.

Les også: – No får vi sjansen til å bevise at vi kan

Dagleg leiar Jan Brevik fortel til avisa at det er ei annleis og meir effektiv bedrift som no står føre ei utviding av produksjonen.

– Vi førebur no oppstart av produksjon av fiskemat i Gjerdsvika igjen. Det dreier seg om fiskebollar, fiskepudding og fløytepudding. Dette vert nye produkt i Gjerdsvika, og vi startar arbeidet med å få inn nye maskiner om kort tid. I månadsskiftet september/oktober håpar vi å vere oppe og gå med desse nye produkta, opplyser Brevik til avisa.

Frå før lagar fabrikken makrell i tomat, majones og dressing.

Søker om støtte
I ein søknad om støtte frå det kommunale næringsfondet kjem det fram at dei ønsker å investere i ei ny produksjonslinje.

Volumet skal etter planen vere kring 1000 tonn fiskemat, og vil medføre eit behov for om lag 15 nye tilsette, ifølgje sakspapira.

Bedrifta søkte om støtte på 500.000, men rådmannen rår til å løyve opptil 150.000 kroner. Formannskapet i Sande skal ta stilling til søknaden neste veke.

Les også: Maritim Food-tilsette fekk gladmelding

– Vi er nøgde, glade og letta

Analyse: Det er ikkje nok å gå med overskot


Vi førebur no oppstart av produksjon av fiskemat i Gjerdsvika igjen. Det dreier seg om fiskebollar, fiskepudding og fløytepudding

Publisert: 20.08.2020 15:01

Sist oppdatert: 26.12.2022 18:55