No blir det fleire tilsette paa Kleven
OMBYGGING: MS Vesterålen skal få ny gangveg. Det betyr fleire tilsette ved Green Yard Kleven, fortel HR-direktør Magne Gurskevik (innfelt).
Nytt

No blir det fleire tilsette på Kleven

Etter å ha sikre seg fleire nye oppdrag, kan verftet igjen tilsette nye folk. 

18.10.2020
Fredag kom nyheita om at Green Yard Kleven skal installere eit nytt system for gangveg på Hurtigruten-skipet MS Vesterålen.
Tidlegare i veka blei det også klart at verftet også er sikra arbeid med å .
Det har vore stor spenning blant tidlegare Kleven-tilsette om det blir meir å gjere for verftet som gjekk konkurs i sommar. No gjer dei nye oppdraga at Kleven igjen kan tilsette nye folk.
– Det blir nokre fleire tilsette, samtidig som vi tek inn nokre som har vore ute i permisjonar, fortel HR-direktør Magne Gurskevik i Green Yard Kleven til NETT NO.

Startar arbeidet til veka

Boabarge 33-lekteren er allereie på plass ved verftet, og til veka kjem hurtigruteskipet MS Vesterålen. I dag er det kring 30 tilsette på Kleven, og Gurskevik tør ikkje seie eksakt kor mange fleire som trengst.
– Vi er midt i planlegginga av kor mange vi skal ta inn frå neste veke. Arbeidet vil truleg kome i gong for fullt i løpet av veka, seier Gurskevik.
Nokre tilsette i administrasjonen vil samtidig halde fram med å vere permitterte.

Verft-oversikt:


– Positivt at dei kjem tilbake

Oppdraget for Hurtigruten inneber å bygge ei ny sjakt som går over tre dekk, med tilhøyrande ombygging av innreiing og dører. Oppdraget gir også arbeid for lokale leverandørar. Mellom anna skal Hareid Group stå for elektroinstallasjon, og sjølve gangvegmodulen skal leverast av Ulmatec, ifølgje pressemeldinga som blei sendt ut tidlegare fredag.
– Det er ikkje eit veldig stort prosjekt, men det er positivt at dei kjem tilbake – også betyr det at vi treffer i marknaden for vedlikehald, reparasjon og ombygging, slik vi har hatt som mål, seier Gurskevik til NETT NO.
Han anslår at det trengs kring 25 arbeidarar på Hurtigruten-jobben, medrekna tilsette frå underleverandørar.

Jobbar framleis med å selje PSV

Per no er det ikkje noko nytt når det gjeld salet av det uferdige forsyningsskipet ved verftet. Tidlegare har det vore antyda at verftet kan trenge opptil 100 arbeidarar til å fullføre skipet.
Først treng dei ein kjøpar og det arbeidet held fram.
Kleven-verftet er også i sluttspurten med å ombygginga av Nordnes-trålaren Nordbas, som snart skal overleverast.

Les også:





Vi er midt i planlegginga av kor mange vi skal ta inn frå neste veke

Publisert: 18.10.2020 16:41

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:03