Denne veka er leiinga ved Green Yard Kleven i gong med å bygge opp ein ny organisasjon etter at verftet fekk nye eigarar.
– I første omgang startar vi med dei som skal ha eit overordna leiaransvar. Det er snakk om fem-seks personar, fortel Magne Gurskevik til NETT NO.
Sjølv er han mellom dei, og er no tilbake i jobben som HR-direktør på verftet. Onsdag skreiv han under arbeidskontrakten.
– Dei skal delta og lære meir om resirkulering av skip og korleis det går føre seg, fortel Gurskevik.
I tillegg treng verftet kring 15 tilsette til å halde fram arbeidet på Nordbas-båten til Nornes-reiarlaget.
– Vi er i ferd med å tilsette dei som trengst til arbeidet som blir gjort på verftet akkurat no, seier Gurskevik.
At personane ikkje har formelle roller, har gjort det utfordrande, men Gurskevik fortel dei vil jobbe for å etablere ein skikkeleg kommunikasjon med arbeidarane framover.
– Til no har det i første rekke vore kommunisert korleis dei skal gjer ting reint praktisk med Nav og slike ting, seier han.
– Vi er framleis ikkje i mål. Det kan skje raskt, eller det kan ta lengre tid, er alt verftsdirektør Kjetil Bollestad kan seie for augneblinken.
HR-direktør Gurskevik fortel at det heilskapen av tilsette som vil vere viktig å behalde, og ikkje spesielle fagdisiplinar.
– Det er den totale verftskompetansen som er interessant å halde på, for å drive vidare. Det dreiar seg eigentleg om alle disiplinar, legg han til.
– I første omgang startar vi med dei som skal ha eit overordna leiaransvar. Det er snakk om fem-seks personar, fortel Magne Gurskevik til NETT NO.
Sjølv er han mellom dei, og er no tilbake i jobben som HR-direktør på verftet. Onsdag skreiv han under arbeidskontrakten.
Skal lære om resirkulering
Som Green Yard-verft skal Kleven mellom anna satse på resirkulering av skip. Fire tilsette er allereie reist til hovudbasen ved Fedafjorden i Agder.– Dei skal delta og lære meir om resirkulering av skip og korleis det går føre seg, fortel Gurskevik.
I tillegg treng verftet kring 15 tilsette til å halde fram arbeidet på Nordbas-båten til Nornes-reiarlaget.
– Vi er i ferd med å tilsette dei som trengst til arbeidet som blir gjort på verftet akkurat no, seier Gurskevik.
Kommentar:
Mest kommunikasjon om praktiske ting
Det har vore kontakt mellom leiinga og tidlegare tillitsvalte, men for dei fleste tidlegare Kleven-tilsette er det framleis ei usikker tid.At personane ikkje har formelle roller, har gjort det utfordrande, men Gurskevik fortel dei vil jobbe for å etablere ein skikkeleg kommunikasjon med arbeidarane framover.
– Til no har det i første rekke vore kommunisert korleis dei skal gjer ting reint praktisk med Nav og slike ting, seier han.
Framleis forhandlingar om forsyningsskip
Ei anna utfordring er at verftet førebels ikkje veit kor mykje arbeid dei vil ha framover. Forhandlingane om å gjere ferdig eit forsyningsskip som var bestilt av kanadiske Atlantic Towing, vil vere avgjerande for behovet for tilsette.– Vi er framleis ikkje i mål. Det kan skje raskt, eller det kan ta lengre tid, er alt verftsdirektør Kjetil Bollestad kan seie for augneblinken.
HR-direktør Gurskevik fortel at det heilskapen av tilsette som vil vere viktig å behalde, og ikkje spesielle fagdisiplinar.
– Det er den totale verftskompetansen som er interessant å halde på, for å drive vidare. Det dreiar seg eigentleg om alle disiplinar, legg han til.
Les også:
Publisert: 06.08.2020 05:55
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:00