Nytt
No er Eid ei cruisebygd
I tre år har Eli Førde Aarskog jobba fram mot at Nordfjord skulle få sitt første cruiseskip-besøk. Bygda håpar på gevinst.
21.05.2019
- Vi har 50-60 kassaapparat klare, seier Førde Aarskog.
Den tidlegare drivaren og eigaren av Nordfjord Turisthotel er marknadssjef for Seawalk Nordfjord, som i dag tidleg tok i mot 3800 turistar ombord i cruseskipet "Aida Perla" med salutt og hornblåsande ordførar i bunad.
- "Eid inviterer", det er vårt slogan (slagord. red., merk). Det har vi fyllt med innhald, seier Førde Arskog.
Flest mogleg av dei andre ombord håpar Førde Aarskog brukar dagen til ein rusletur i Eid sentrum for handel og opplevingar, mellom anna i vikingtidsmuseet Sagastad.
- Vi har ganske høge forventingar, sa Ingvill Henden til NETT NO i februar i år om kva som blir verknaden av cruisetrafikken. Henden eig og driv klesbutikken Vestitur på Nordfjordeid, er leiar for Eid Handel (foreininga for handelsbedriftene i kommunen) og sit også i prosjektgruppa som har planlagt korleis Eid skal ta i mot og få nytte av cruisetrafikken.
Saman med cruise-operatøren Arthur Kordt og Eid kommune har han investert 30 millionar kroner i cruise-kai på Nordfjordeid. Anlegget er ei flytande samanleggbar kai av same type som i Geiranger.
Då finansieringa fall på plass i 2016 håpa Lefdal å kome i gang alt i 2017. Det tok to år til, men no er cruisetida komen.
For Førde Aarskog er tankane retta framover. I morgon reiser ho til London:
- Då skal eg selje 2020-, 2021- og 2202-sesongen.
Den tidlegare drivaren og eigaren av Nordfjord Turisthotel er marknadssjef for Seawalk Nordfjord, som i dag tidleg tok i mot 3800 turistar ombord i cruseskipet "Aida Perla" med salutt og hornblåsande ordførar i bunad.
- "Eid inviterer", det er vårt slogan (slagord. red., merk). Det har vi fyllt med innhald, seier Førde Arskog.
Frå Vestkapp til Loen
1000 av passasjerane ombord har bestilt turar med utgangspunkt frå Nordfjordeid. Dei mest kortreiste går opp på ei seter i skogkanten, rett frå kaia, medan andre dreg på turar frå Vestkapp i vest til Loen og Briksdalsbreen i aust.Flest mogleg av dei andre ombord håpar Førde Aarskog brukar dagen til ein rusletur i Eid sentrum for handel og opplevingar, mellom anna i vikingtidsmuseet Sagastad.
- Vi har ganske høge forventingar, sa Ingvill Henden til NETT NO i februar i år om kva som blir verknaden av cruisetrafikken. Henden eig og driv klesbutikken Vestitur på Nordfjordeid, er leiar for Eid Handel (foreininga for handelsbedriftene i kommunen) og sit også i prosjektgruppa som har planlagt korleis Eid skal ta i mot og få nytte av cruisetrafikken.
30 millionar
John Olaf Lefdal er investor, lystbåtforhandlar og primus motor for cruisekai på Nordfjordeid.Saman med cruise-operatøren Arthur Kordt og Eid kommune har han investert 30 millionar kroner i cruise-kai på Nordfjordeid. Anlegget er ei flytande samanleggbar kai av same type som i Geiranger.
Då finansieringa fall på plass i 2016 håpa Lefdal å kome i gang alt i 2017. Det tok to år til, men no er cruisetida komen.
For Førde Aarskog er tankane retta framover. I morgon reiser ho til London:
- Då skal eg selje 2020-, 2021- og 2202-sesongen.
Publisert: 21.05.2019 11:04
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:35