No er lekteren klar for nye rekordloeft
VELLUKKA TEST: Etter å ha blitt senka slik at hovuddekket var 21 meter under vassoverflata, kunne Boa Management konstatere at lekteren fungerte etter planen etter fem månaders ombygging ved Kleven verft. 
Nytt

No er lekteren klar for nye rekordløft

Boabarge 33 blei løysinga for å heve Helge Ingstad-fregatten i fjor. Etter ombygging ved Kleven sette lekteren det som blir omtala som ei verdsrekord.

Marius Rosbach
07.04.2020
I løpet av fem månader er lekteren Boabarge 33 bygd om til å bli den største halvt nedsenkbare lekteren i verda.
Søndag opplyser selskapet Boa Barge AS at dei sette verdsrekord då lekteren blei senka 29,6 meter under havoverflata i Lyngnesvika utanfor Kleven verft.

Det var som omtala saka først.
– Det er ingen annan «semi-submersible» lekter som har ein slik løftekapasitet og eit så stort areal på dekk, som kan senkast ned slik at hovuddekket kjem 21 meter under vatn, fortel Jostein Innerdal i Boa Management til NETT NO.
Boabarge 33 blei mykje omtala om fjor, då den gjorde jobben med å heve Helge Ingstad-fregatten etter forliset i Hjeltefjorden.
Boa har ei eigen ingeniøravdeling for lekterane sine og leverer sokalla «turn key»-prosjekt, som er komplette løysingar frå studie til utført jobb for avanserte og kompliserte oppdrag for løft- og heving.

Les også:



Større enn ei fotballbane

Dekket på lekteren er heile 6500 kvadratmeter – som betyr at den er noko større enn ein vanleg fotballbane.
Innerdal fortel at det var mange skodelystne som lurte på kva som gjekk føre seg på fjorden, då lekteren blei senka under havoverflata. Til slutt var det berre to meter av dei åtte tårna som stakk opp frå vassflata.
Testen søndag var vellukka og lekteren er no formelt overlevert frå Kleven til Boa Management. Lekteren blei slept frå kai ved 6-tida om morgonen og ved 14.30-tida nådde den maks botnnivå, som blei stadfesta av ein representant for klasseselskapet DNV GL.

Skal i jobb utanfor afrikakysten

Kleven fekk i fjor haust for Trondheims-selskapet, og på det meste har kring 100 arbeidarar på verftet vore opptekne med oppdraget. Kleven har auka breidda frå 36 til 60 meter og montert nye oppdriftstårn og heve dekkshusa.
No skal lekteren snart på oppdrag utanfor kysten av Dakar i Vest-Afrika. Der skal den nyttast til å plassere ut store betongelement til ein bølgebrytar til havs.
– Så snart klienten vår seier at dei vil ha lekteren, så vil vi bruke to dei same taubåtane som var i aksjon søndag, til å slepe lekteren til Dakar, fortel Innerdal.

Les også:



Publisert: 07.04.2020 00:16

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:55