No faar vi sjansen til aa bevise at vi kan
MAKRELL I TOMAT: Produksjonssjef Vegard Kalland og dagleg leiar Jan Brevik i Maritim Food skal lage makrell i tomat og fiskebollar i hermetikk framover. I tillegg vil dei jakte nye oppdrag for å sikre vidare drift.
Nytt

– No får vi sjansen til å bevise at vi kan

Maritim Food i Gjerdsvika er kvitt trugsmålet om nedlegging og ein tredel av dei tilsette får behalde jobbane sine. No jaktar dei nye oppdrag - og merkar auke i salet. 

Marius Rosbach
02.07.2019

Tysdag kunne dagleg leiar Jan Brevik gå ut med nyheita om at det vert vidare drift ved Maritim Food i Gjerdsvika også neste år. Fiskematfabrikken stod i fare for å verte nedlagt fullstendig etter at dei mista ein viktig avtale på fiskefarseprodukt.

– Dette gir ingen garanti for framtida, men no får vi sjansen til å bevise at vi kan klare det. Vi får meir tid på oss vil å vise at dette kan bli ein lønnsam butikk, seier Brevik til NETT NO.

Ni av 30 får halde fram
Det har vore uro i bygda med 400 fastbuande for at heile fiskematbedrifta med røter tilbake til 1950-talet, skulle forsvinne.

Drifta ved Maritim Food har vore om lag to tredelar fiskematproduksjon – som no er lagt ned - og ein tredel hermetikk. Bedrifta hadde kring 30 heiltidstilsette og fleire som jobba deltid. Eit fleirtal av desse har allereie fått oppseiingane.

Brevik opplyste tidlegare i sommar at ni tilsette får halde fram, og stadfestar tysdag at det talet framleis er korrekt.

– Nøyd til å tene pengar
I dag har Gjerdsvika-fabrikken den einaste makrell-i-tomatproduksjonen her til lands. I tillegg lagar dei fiskebollar i hermetikk.

nettnohalf

No jobbar Maritim Food-leiinga saman med eigarane i Insula med å finne nye oppdrag som kan sikre – og auke drifta i Sande.

– Vi er nøydd til å tene pengar. Fiskebollar er eitt interessant område, der vi trur det er moglegheiter for eksport på sikt, seier han.

Ei omfordeling internt i Maritim Food eller Insula kan også vere aktuelt.

– Eg har liten tru på at vi skal klare å overleve på dagens hermetikkproduksjon i Gjerdsvika åleine. No må vi få tid til å områ oss til å skaffe nye ordrar, utan at eg kan gi noko svar i dag på korleis det skal skje, seier Brevik.

Glede mellom dei tilsette
Nokre av dei tilsette i Gjerdsvika er informert om den siste utviklinga via telefon, og det er hengt opp informasjon i lokala. Brevik fortel at han naturleg nok har fått gode tilbakemeldingar på avgjerda.

– Ja, det er klart det var positivt. Alle har vore redde for at det vart full stopp frå 1. januar 2020.

No er det slutt for fiskematproduksjonen frå august, og Brevik legg ikkje skjul på at det vert tøft når to tredelar av arbeidet forsvinn.

Men han meiner å sjå lyset i tunnelen:

– Vi har fått betre effektivitet og vi merkar samstundes auke i salet. Når reknestykka i kalkylane ser meir positive ut, ser ting lysare ut – både i våre og andre sine auge, påpeiker Brevik.

For dominerande
Det var i mars nyheita vart kjent om at Maritim Food mista leveransane av fiskemat med Norgesgruppen.

Bakgrunnen var at Norgesgruppen, med daglegvarekjedene Meny, Spar, Kiwi og Joker, ville ha konkurranse blant leverandørane. Dei vel heller å kjøpe fiskemat frå Lerøy Seafood Group sitt anlegg i Stamsund i Lofoten framfor å få den levert frå Gjerdsvika.

I mai møtte mellom anna ordførar Dag Vaagen i Sande kommune leiinga i eigarselskapet Insula for å drøfte krisa for anlegget i Gjerdsvika.

– Håpar at dei klarer å kome seg gjennom dette

Leitar etter Gjerdsvika-løysing

Vi er nøyd til å tene pengar. Fiskebollar er eitt interessant område, der vi trur det er moglegheiter for eksport på sikt

Publisert: 02.07.2019 10:13

Sist oppdatert: 26.12.2022 18:12