(NPK-NETT.NO): Etter å ha vore utgreia, vedteke og forseinka gjennom fleire tiår, ser det no ut til at Stad skipstunnel blir ein realitet i løpet av få år.
Svein Gjelseth har vore ivrig forkjempar i ei årrekke, og trur ikkje det kan dukke opp nye skjær i sjøen for prosjektet. I 2021 blir det sett av oppstartsmidlar på 75 millionar kroner som følgje av avtalen mellom regjeringspartia og Frp.
Sjølv med ei ny regjering ved valet til neste år, er herøyværingen trygg på at fleirtalet i Stortinget vil halde seg, slik at dei støre milliardløysingane kjem på plass dei komande åra.
– Eg er sikker på at Stad skipstunnel vil ha ein trygg seglas også ved eit regjeringsskifte. Arbeidarpartiet har dette i sitt alternative budsjett, og vil løyve midlar dei vidare åra. Og eg veit at Senterpartiet tenker på same måte, seier Gjelseth til NETT NO.
Han trur utviklinga både for reiselivet er store og at utnyttinga av massane frå tunnelen gir store moglegheiter for nye næringsareal.
– Eg har sagt det fleire gonger, dette blir ei ny tidsrekning, seier Gjelseth.
– Stad skipstunnel er eit viktig prosjekt for Vestlandet. Stadhavet er eit av dei mest vêrutsette langs norskekysten. Med ein tunnel vil vi betre tryggleiken til sjøs. Prosjektet vil òg leggje til rette for ei etablering av snøggbåtrute og overføring av gods frå land- til sjøtransport, seier samferdselsminister Knut Arild Hareide i ei fredag.
Prosjektet er no rekna til å koste 3,45 milliardar kroner å bygge, og departementet vil så snart som mogleg leggje fram eit forslag for Stortinget om løyve til tunnelprosjektet.
Kystverket håpar det er mogleg å starte bygginga mot slutten av 2021. Prosjektleiaren fortalde denne veka at dei rekne med å ha klar ein entreprenør for bygging mot slutten av neste år.
– Vi har så store båtar at det går ganske greitt i dag. Sjølvsagt kan det hende vi går igjennom tunnelen på dei verste dagane, når han først er der, men det er ikkje noko som er veldig relevant for oss, seier Tom Inge Vetrhus, dagleg leiar i Fjord Shipping i Måløy, til NRK.
Frå før er det kjent at Hurtigruten ikkje kjem til å bruke tunnelen. Konkurrenten Havila Kystruten har derimot stilt seg svært positive til prosjektet, og eigaren Per Sævik har investert stor i reiseliv i regionen dei siste åra.
Dagleg leiar i Måløy Vekst Randi Paulsen Humborstad meiner at det ikkje er eit stort poeng at store skip ikkje kjem til å bruke tunnelen.
– Stad skipstunnel vert bygd for nærskipsfarten. Stadhavet er eit kritisk passeringspunkt for fiskebåtar, brønnbåtar, servicebåtar, slepebåtar, containerskip og hurtigbåtar.
– Samfunnsøkonomisk er det galskap. Det blir veldig, veldig dyrt, og det er ikkje dette Noreg bør bruke pengar på, seier Jon Hustad til kanalen.
Svein Gjelseth peiker på at prosjektet vil redusere utgifter, forbruk av drivstoff og tidsbruken for ein rekke fartøy langs kysten. Dette er innsparingar som i liten grad er teke omsyn til i utrekninga av samfunnsnytta.
Undersøkingar frå mellom anna Kongsberg Maritime (tidlegare Rolls-Royce) har vist korleis skipstrafikk, , vil ha nytte av tunnelen.
Svein Gjelseth har vore ivrig forkjempar i ei årrekke, og trur ikkje det kan dukke opp nye skjær i sjøen for prosjektet. I 2021 blir det sett av oppstartsmidlar på 75 millionar kroner som følgje av avtalen mellom regjeringspartia og Frp.
Sjølv med ei ny regjering ved valet til neste år, er herøyværingen trygg på at fleirtalet i Stortinget vil halde seg, slik at dei støre milliardløysingane kjem på plass dei komande åra.
– Eg er sikker på at Stad skipstunnel vil ha ein trygg seglas også ved eit regjeringsskifte. Arbeidarpartiet har dette i sitt alternative budsjett, og vil løyve midlar dei vidare åra. Og eg veit at Senterpartiet tenker på same måte, seier Gjelseth til NETT NO.
Han trur utviklinga både for reiselivet er store og at utnyttinga av massane frå tunnelen gir store moglegheiter for nye næringsareal.
– Eg har sagt det fleire gonger, dette blir ei ny tidsrekning, seier Gjelseth.
Leggast fram for Stortinget
Samferdselsdepartementet vil snart leggje fram ein proposisjon for Stortinget, og først når denne er godkjent kan arbeidet halde fram.– Stad skipstunnel er eit viktig prosjekt for Vestlandet. Stadhavet er eit av dei mest vêrutsette langs norskekysten. Med ein tunnel vil vi betre tryggleiken til sjøs. Prosjektet vil òg leggje til rette for ei etablering av snøggbåtrute og overføring av gods frå land- til sjøtransport, seier samferdselsminister Knut Arild Hareide i ei fredag.
Prosjektet er no rekna til å koste 3,45 milliardar kroner å bygge, og departementet vil så snart som mogleg leggje fram eit forslag for Stortinget om løyve til tunnelprosjektet.
Kystverket håpar det er mogleg å starte bygginga mot slutten av 2021. Prosjektleiaren fortalde denne veka at dei rekne med å ha klar ein entreprenør for bygging mot slutten av neste år.
Store vil segle forbi
Det er derimot mange skip som kjem til å segle rett forbi tunnelen på Nordvestlandet.– Vi har så store båtar at det går ganske greitt i dag. Sjølvsagt kan det hende vi går igjennom tunnelen på dei verste dagane, når han først er der, men det er ikkje noko som er veldig relevant for oss, seier Tom Inge Vetrhus, dagleg leiar i Fjord Shipping i Måløy, til NRK.
Frå før er det kjent at Hurtigruten ikkje kjem til å bruke tunnelen. Konkurrenten Havila Kystruten har derimot stilt seg svært positive til prosjektet, og eigaren Per Sævik har investert stor i reiseliv i regionen dei siste åra.
Dagleg leiar i Måløy Vekst Randi Paulsen Humborstad meiner at det ikkje er eit stort poeng at store skip ikkje kjem til å bruke tunnelen.
– Stad skipstunnel vert bygd for nærskipsfarten. Stadhavet er eit kritisk passeringspunkt for fiskebåtar, brønnbåtar, servicebåtar, slepebåtar, containerskip og hurtigbåtar.
Meiner det er samfunnsøkonomisk «galskap»
Journalist og kommentator i avisa Dag og Tid Jon Hustad meiner prosjektet blir samfunnsøkonomisk ulønnsamt dersom store båtar ikkje har behov for skipstunnelen.– Samfunnsøkonomisk er det galskap. Det blir veldig, veldig dyrt, og det er ikkje dette Noreg bør bruke pengar på, seier Jon Hustad til kanalen.
Svein Gjelseth peiker på at prosjektet vil redusere utgifter, forbruk av drivstoff og tidsbruken for ein rekke fartøy langs kysten. Dette er innsparingar som i liten grad er teke omsyn til i utrekninga av samfunnsnytta.
Undersøkingar frå mellom anna Kongsberg Maritime (tidlegare Rolls-Royce) har vist korleis skipstrafikk, , vil ha nytte av tunnelen.
Les også:
Eg har sagt det fleire gonger, dette blir ei ny tidsrekning
Publisert: 04.12.2020 15:46
Sist oppdatert: 07.04.2021 21:19